Og når det gjeld hund ...
(jamfør posten under): Vi har nett blitt ein hund rikare i hushaldninga: Springer Spaniel-rakkaren Alvin. Alvin er ein jakthund (såkalla "working"-type), og er oppkalla etter gitaristen i Ten Years After. Dette er stas, og mest for min spanske kvartdel (sidan min betre halvdel er halvt spansk), som er eit jaktmenneske, og treng slike hjelpemiddel.

Eg for min del meiner hund i jakt er juks, og kan følgjeleg sjåast på som doping.

Alvin betraktar verda rund seg som ein ustanseleg straum av utfordringar, som han av ein eller annan grunn må hoppe i, bokstavleg tala. Går eg ned trappa til kjellaren, er eg ei (bevegeleg) utfordring som han altså må hoppe i. Sjarmerande, men ikkje viss han brekk nakken.
|