Brannmann Sam
Monday 05 December 2005
Kategori: PermalinkDottera mi, Åsne, er helten i nabolaget, og eg har verdas svartaste samvit.
Eg var ein liten tur i Stavanger laurdags kveld, for å ha lydsjekk til kveldens spelejobb. Åsne (8,5) likar godt å vere heime åleine nokre timar, så ho fekk lov til å sjå Snøkvit og dei kortvokste medan eg suste inn til byen. Tilfeldigvis (eller som eit frampeik?) rota vi oss før dette inn i ein samtale, der Åsne lurte på kva ho skulle gjere dersom det byrja å brenne, anten heime eller hos naboen. Ho har ein eller annan frykt for dette for tida. Eg forsikra ho sjølvsagt om at dette ikkje kom til å skje, at eg skulle vere vekke i ein time, men at dersom det skulle byrje å brenne, skulle ho springe til ein nabo. Igjen: slik skjer jo ikkje.
Midtveges i lydsjekken fekk eg ein telefon frå Åsne, oppløyst i snått og tårer. Medan ho sat i sofaen og såg film, såg ho tilfeldigvis gjenskinnet av flammar oppetter veggen til naboen. Ho skvatt opp, og surra fortvila rundt i huset, før ho pliktskuldig gjekk ut, låste døra og tok runden i nabolaget. Først til bestevenninna, som ikkje var heime. Deretter til ein nabo, som hadde ei defekt ringeklokke. Heldigvis kom ein annan nabo forbi, som oppdaga ei gråtande jente midt i gata, fortvila over at ingen var heime. Dei fekk ringt til brannvesenet (då hadde flammane alt nådd takmønet), full utrykning med politi og brannbil.
Bosspannet hadde tatt fyr, inntil veggen, og hadde det ikkje vore for Åsne, hadde nok heile huset stått i flammar. Særleg skremmande var det jo at store og sterke (store, i alle fall) pappa ikkje var heime. "Ser du, de' bjynne jo å brenna!" blei eg møtt med, då eg kom heim.
Kan jo ikkje argumentere mot hard evidence, empirisk bevisføring. Alle røykvarslarane fekk nytt batteri, og naboen held i skrivande stund på med å skrape opp plasten frå 3 smelta bosspann og ei takrenne frå inngangspartiet sitt.
* Oppdatering: Og alle naboane har kome med sjokolade til heltinna.