Augerørsler
Eg var på eit seminar på UiS (Språkforum) i dag, der Kenneth Holmquist frå Lunds Universitet gav eit riss av studia deira av augerørsler under lesing. UiS har kjøpt inn om lag den same augerørsle-labben som dei har i Lund. Kort forklåra registrerer denne labben rørslene til auga medan du les, både kor og kor lenge lesaren fikserer blikket.

Ei rekkje interessante perspektiv melder seg i samband med slike verkty. Mellom anna har ein gjennom desse målingane funne ut at auget berre ser skarpt innanfor ein veldig avgrensa radius. Ein normallesar fikserer punkvis langs teksten, og greier (i ein tekst med ca. normal storleik) aldri å sjå meir enn eit par ord vidare i leseretninga per fiksering. Lenger ut enn 8-10 teikn greier ikkje auget å ta imot nok lys til å kunne lese bokstavane. (At vi trur vi ser bokstavar i eit større felt handlar om at hjernen jobbar for å gje oss dette inntrykket.) Dette tar effektivt livet av speed reading-myta (sjå til dømes her), som handlar om å lese fort med få fikseringspunkt langs setninga.

Eit lite døme på korleis progravaren registrerer fikseringspunkta:
Pasted Graphic
(henta frå Holmquists PPT-presentasjon, som han var så grei å formidle til meg)

Diameteren på sirklane (fikseringspunkta) angir kor lenge lesaren fikserer.

Mellom fikseringspunkta, altså der auget stoppar (på eit ord) langs setninga, hoppar auget rykkvis. Desse hoppa mellom fikseringspunkta blir kalla ein sakkade (saccade), og i desse sakkadane (som utgjer ca. 10% av tida vår) er vi blinde. Vi tilbringer altså 10% av liva våre, kan hende så mykje som 8-9 år, utan å sjå.

Om lag i 11-års-alderen har vi nådd lesehastigheita vi har resten av livet, sånn om lag (sjølvsagt, reknar eg med, justert for tekstinnhald).

Eit interessant moment hadla om bokstav- versus notelesing. Ein vokalist som syng frå notar har mindre latency (forseinking) mellom fikseringa, altså den registrerte nota, og realiseringa, altså tonen som blir sunge. Lesing av tekst og lesing av notar handlar med andre ord om ulike kognitive prosessar.

Nok eit moment, sjølv om dette området er kraftig understudert, handla om koss auga rører seg medan vi ser filmar med undertekst. Desse studia viser at vi nyttar om lag 8% av tida på undertekstane dersom vi ikkje kjenner språket. Er språket kjent, nyttar vi om lag 4%. I tillegg viser det seg at vi ofte les undertekstar baklengs (20-35% av sakkadene går mot leseretninga)!

For min eigen del tenkjer eg at eit slikt verkty kan opne for ulike studium av digitale tekstar, der sjølve teksten kan oppføre seg på måtar andre tekstar ikkje kan. Slike studium kan verkeleg generere teoriar om korleis vi skal designe opplæringsprogram og tekstar på ein måte som kan brukast effektivt. Koss les vi ei webside som gjev mulegheiter for ulike vegar inn i og ut av tekstar av vidt ulikt slag?
|