Eit slag for "Go Home"-rørsla
I Stavanger har det kome til om lag 4-5 tiggarar i det siste. Dei sit i sentrum med kvar sin kopp, og ber om å få pengar. Klassisk tigging, med andre ord.

Dagleg leiar for Byen (ein organisasjon for sentrumsbutikkane), Ingrid Hart, har i regionsavisa vår, Stavanger Aftenblad, kome med ei elegant løysing på det ho kallar eit tiggeproblem:

"Go home" har jeg sagt til damen som sitter på Domkirkeplassen.



Så brilliant og enkelt kan altså dette problemet bli løyst: Tiggarane kan rett og slett gå heim.

Eg kjenner meg dum når eg tenkjer over følgjande: Kvifor har vi ikkje tenkt på denne strategien før? Vi kan rett og slett gå bort til personane som er uønska, og få dei til å forstå at dei må gå heim, go home. (Dei har jo ein annan hudfarge, så dei må jo snakke engelsk, akkurat som på film.)

Eg vil til dømes at alle narkolangarane i sentrum skal fjernast, og neste gong eg ser ein, skal eg gå beint fram til han og fortelje han: "Go home. Jeg vil simpelthen ikke se dem mer. Hjem til mor, bums i seng, uten kvelds, skamme dem, fy på labben!" Det same gjeld dei prostituerte på Strandkaien. "Go home, sier vi til disse negrene som spankulerer frem og tilbake på Strandkaien. Go home to mor i Afrika, ikke vise rumpene sine her hos oss!"

Eg er viss på at dersom dei berre kan gå heim og tenkje seg litt om, og gjerne ta seg ein matbete og ein kvil, vil dei kome på betre tankar enn prostitusjon, dop og tigging.
|