Plagsomme ting ved valet 1: Geriatric Park
Wednesday 07 September 2005
Kategori: PermalinkEg har lovt meg sjølv å ikkje nemne stortingsvalet i denne bloggen, og
det har eg alt brote. Så då kan eg likesågodt bryte løftet ein gong til. Det er to ting som plagar meg med valet denne hausten. Nøyaktig dei same to tinga plaga meg førre stortingsval, og come to think of it, valet før det og:
Eg trur det var Seinfeld som i ein eller annan episode fortvila over menneskearten, og kommenterte oss slik: Viss noen frå det ytste verdsrommet hadde tatt mål av seg å observere oss i 1 time for å danne seg eit inntrykk av oss, og tilfeldigvis då hadde observert ein mann på tur med hunden sin i ein park, hadde vi lege tynt an. For kva art er det vel som jobbar i tusenvis av år for å leggje under seg naturen og halde dyra i band, berre for å springe etter og plukke opp driten etter dei?
Dersom den same fyren frå verdsrommet hadde bestemt seg for å gjere seg opp ei meining om oss, og hadde slått på NRK eller TV2 i desse dagar, rett føre valet, hadde fyren trudd at kloten berre besto av pensjonistar. Det er om lag som å sitje på eit lærarrom på ein vidaregåande skule: Fullt av folk som snakkar geriatriske problemstillingar. Rullatorretorikk.
Dei av oss som framleis er litt unge, i alle høve halv-unge, får eit rart perspektiv på livet i slike omstende. Heime opplever vi ungane, dei som nett har byrja livet, og der dreier alt seg om å få i dei mat og skifte bleier, og få dei i søvn. Ete, drite og sove. Det rare, og nesten poetiske, hadde det ikkje vore for at det var litt ekkelt, er at det er akkurat det same det handlar om for dei eldre òg. Avføring, mat og søvn. Slik blir livet sirkla inn, og val-debattane blir ein kringkasta metafor over eksistensen vår her på jorda: SV med småbarnspolitikken, AP og FrP i skjøn foreining om dei eldre. Eting, driting og søvn — livets alfa og omega, byrjing og slutt.
Dette er det første som plagar meg, av di det er så deprimerande. Det andre som plagar meg i dette valet, plagar meg så mykje at eg er nøydd til å be om å få kome tilbake til det.