Ny adresse
Monday 23 October 2006 Kategori: Permalink
Nytt internasjonalt symbol for eit langt og lukkeleg
samliv
Tuesday 19 September 2006 Kategori: Permalink
Det er ferie for biskopar også
Monday 14 August 2006 Kategori: Permalink
Hitler var inspirert av Ibsen
melder mellom anna NRK. Fleire av oss har jo lenge
visst at det er Nora, med sine psykopatiske
hersketeknikkar, impulsive beslutningsstrategiar
og mangel på empati, som er leiaridealet for det
tredje riket. Litt betenkeleg, vil nokre hevde,
(men ikkje overraskande, vil atter andre hevde) at
ho er eit kvinnefrigjeringsikon, og at
kvinnefrigjeringa og Nazi-tyskland på dette viset
har felles røter.
Det kan og vere at eg har for lite å gjere på i sommarvarmen.

Filologar for orddeling
Saturday 01 July 2006 Kategori: Permalink
Astronomer mot orddeling har gjort
jobben sin, og litt til. No må vi byrje å dele
orda igjen, etter at desse astronomane har fått
herje alt for lenge:
Analyseoppgåve
Saturday 17 June 2006 Kategori: Permalink
Etter å ha sett på VG-lista topp 20 på NRK i går, gav
eg meg sjølv ei oppgåve i klassisk gymnas-, grunn- og
mellomfagsstil. Oppgåva er som følgjer:
Det følgjande er altså eit oppgåvesvar. Eg tar høgd for fleire skrivefeil, sidan eg ikkje har levert eller kjem til å levere oppgåva til noen, og det er sikkert umåteleg keisam lesnad. Dette er likevel det næraste eg kjem ein musikalsk samtidsanalyse. I dag, i alle høve. Read More...
Analyser og samanlikn WigWam og Turboneger, musikalsk, etisk-moralsk og utsjånadsmessig. Ta for dykk dei aktuelle single-låtane deira og grei ut.
Det følgjande er altså eit oppgåvesvar. Eg tar høgd for fleire skrivefeil, sidan eg ikkje har levert eller kjem til å levere oppgåva til noen, og det er sikkert umåteleg keisam lesnad. Dette er likevel det næraste eg kjem ein musikalsk samtidsanalyse. I dag, i alle høve. Read More...
VM i fotball
Monday 12 June 2006 Kategori: Permalink
The revenge of the sjekkhefte-generation
Thursday 08 June 2006 Kategori: Permalink
Vi lever jo i streiketider, og frå måndag av blir det
bankstreik. Det blir ei krise av uante dimensjonar for
oss som aldri har opplevd sjekkheftealderen. Nokre spår
at streiken blir avblåst nokså kjapt av di gamle og
sjuke ikkje får kjøpe livsviktig medisin, slik at
streiken ender i tvungen lønsnemnd. Dette er jo tøv, av
ei svært enkel årsak: Dei gamle og sjuke er dei einaste
igjen i Noreg med sjekkhefte og alle kontantane i ei
krukke på kjøkenet. Dette opnar dører i eit samfunn som
går ned når ingen kan bruke nettbank, minibank eller
kortterminalar.
Dei gamle og sjuke ligg faktisk an til å bli streikevinnarane i dette oppgjeret; heile samfunnet vårt ligg for føtene til dei over 80 frå og med måndag. Dei kan låne ut pengar til ågerrente og slå seg opp med alternativ bankverksemd; dei kan selje medisinane sine vidare til andre utan sjekkhefte og på denne måten forlenge streiken og følgjeleg auke si eiga omsetning -- her finst i det heile tatt uante moglegheiter for initiativrike 80-åringar.
Er du klok, så kjøper du deg inn i (eller beint fram organiserer) eit slikt gamlissyndikat i løpet av helga. Finn fram julekort og bursdagshelsingar frå fjerne tanter og bestemødrer og ta kontakt, heng opp bilete av Kong Haakon, bak ei rullekake og to, og set igang. Frå måndag av kan du og ein onkel du ikkje visste du hadde le heile vegen forbi banken (eller småle heile vegen forbi mini-banken).

Norsk fy-ord-liste 1: Sensuell
Friday 02 June 2006 Kategori: Norsk
fy-ord-listeKategori: Permalink
Eg er i ferd med å utarbeide ei norsk fy-ord-liste. Eit
fy-ord er eit ord som bør ut av det norske språket, og
mykje likt Ivar Aasen tar eg på meg å samle desse orda,
med forslag til koss vi skal handsame og føre dei
tilbake i språket vårt, eventuelt erstatte dei.
Sensuell
Dette ordet blir brukt på to måtar:
a) om noe som du ikkje heilt veit kva er, sidan verken intellektet eller ordforrådet ditt strekk til: ”Denne filmen var så sensuell”, ”Ein sensuell matrett”; og
b) om noe du blir seksuelt opphissa av, men der du ikkje torer innrømme det: ”Jørn Hoel er så sensuell” (ofte sagt av ei (i situasjonen) passe lubrikert, middelaldrande dame).
Når det gjeld a) er denne bruken mest utbreidd blant kulturjournalistar som ikkje heilt les bøker og ikkje høyrer skilnaden på Lennon og McCartney. Under b) kan ein direkte omsetje ordet med ”seksuell”. Dette ordet blir oftast brukt av kvinner, men også av kvinnoider, som til dømes østrogenrike, mannlege (sett frå ein biologisk ståstad) lærar- eller sosialhøgskulestudentar.
Leksikalsk permisjonsforslag:
Ordet bør fjernast i ein tiårsperiode, og så førast inn igjen gradvis. Magasin som KK og Det Nye bør ikkje få lov til å bruke dette ordet før i 2025, etter ei grundig opplæring, og det bør innførast sanksjonar for høgfrekvent bruk av ordet (vanleg blant kvinner mellom 25 og 45).
I svært mange tilfelle vil adjektivet "god" vere eit alternativ.

Det er typisk norsk å vere polsk
Kalde dagar kan nyttast til så mangt. Eg trur eg har
funne løysinga på sidemålsproblematikken, og med det
løysinga på fleire problem, her til lands.
Som vi alle veit kostar det jo mykje å ha to sidestilte målformer her til lands. Dokument må lagast i ulike versjonar, og ikkje minst kostar det å lære opp alle i Noreg i eit sidemål, ved sida av eit hovudmål. Det er heilt merkeleg, men løysinga ligg rett under nasa vår, og eg kom på det då eg gløtta opp frå skjermen i dag tidleg og såg ein snekkar hamre laus på eitt av nabohusa.
Løysinga er nemleg verken bokmål, nynorsk eller samnorsk. Løysinga ligg ein heilt annan plass:
Saka er, la oss alle innrøme det, at det smakar meir enn det kostar å oppretthalde nynorsken. Vel er det skjønt å lese lyrikk på nynorsk, men det er nokså opplagt at nynorsk ikkje er eigna til kommunikasjon. Nynorsk er eit kjenslespråk. Derfor må nynorsken døy. Det kostar for mykje pengar å lære opp alle i Noreg i eit lite nyttig skriftspråk, og det kostar endå meir å lære opp treige lærarar.
Kvifor er det då inga løysing å standardisere på bokmålet slik vi kjenner og elsker det?
Jo, av di det også er for dyrt. Det er snakk om kostnader, ikkje sant? Og ein morsmålslærar frå Noreg er dyr i drift, uansett om han lærer vekk nynorsk eller bokmål. MÅ vi absolutt lære norsk, berre av di vi bur i Noreg? Kor står det at vi døyr av å kommunisere på eit billegare språk?
No tenkjer du sikkert "AHA! Han vil innføre engelsk over heile fjøla, sidan språket vårt er så influert av engelsk allereie." Men nei: Engelsken er også for dyr. Ein morsmålslærar frå England eller USA er ikkje særleg mykje billegare i drift enn ein norsk lærar. Tilbake til snekkaren eg såg i dag tidleg:
Eg luska nemleg ut og snakka med fyren. Han var, som eg trudde, frå Polen, og snekra laus på huset til 55 kroner timen. "Er ikkje dette lite, då?", spurde eg. "Neida" sa han, "mykje betre enn det eg er vant med."
Der har du det. Løysinga er å erstatte norsk med polsk, og innføre på brei front polske morsmålslærarar. Og i ei overgangsfase erstatter vi alle journalistar, forfattarar og andre skrivande med polske erstatningar, og det geniale: Til ein timepris på 55 kroner!
Fordelane overgår heilt klårt ulempene. Vel blir det litt stress i ein periode, men vi frigjer utrulege midlar: Vi kan auke pensjonsutbetalingane, bygge eldrebustader på 110 kvadrat med to silikonfylte pleiarar per pensjonist. Og pleiarane kan også vere 55-kronerspleiarar frå Polen, med polsk silikon, slik at vi sparer endå meir. Vi kan ruste opp forsvaret vårt, bygge nye barnehagar og skular, og auke kontantstøtta til å gjelde både mødre og fedrer i ein periode på 4 år. Vi kan jamvel setje igang med vårt eige romfartsprogram, og i norsk pioner-ånd bli den første nasjonen som innfører sosialdemokrati, kontantstøtte og polsk som morsmål utanfor vårt eige solsystem.
Vi vil bli ein føregangsnasjon i heile verda, og på myntane våre vil vi prege ein lettare omarbeidd Brundtland: "Det er typisk norsk å vere polsk."
Mulegheitene er enorme.
Det gjeld berre å tenkje rett. Og tenk: Viss vi i tillegg kuttar ut divisjon frå matematikkundervisinga, og berre konsentrerer oss om 3 rekneartar?
Tankane gjer meg svimmel. Eg fortener ei statue framføre slottet. Eller ein kopp kaffi.

(...)
Friday 26 May 2006 Kategori: Permalink
Idrett sett frå ein slitar sin ståstad
Monday 15 May 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Det ultimate stresset for meg, det som verkeleg toppar
seg og gjer at ting blir seriøst pes, er det som blir
kalla "cupvinnarcup." Ordet summerer opp all driten frå
gymtimane, alle gongene eg måtte ut igjen på bana når
eg endeleg trudde eg var bytt ut for godt, og alle dei
fullstendig meiningslause springerundane i bana rundt
ei fotballbane.
For: Tenk deg når du hadde stressa som ein galning for å vinne ein cup. Du gjekk runde på runde, og endeleg såg du lyset i enden av tunnellen, med halvanna liter Cola og pizza, langt vekk frå drittsekkar av fotballtrenarar og sur gymlukt og alle dei ekle fotball-kompisane dine. Kva skjedde då?
Jo, då skulle alle cupvinnarane samlast for å spele mot kvarandre. Ein cup for cupvinnarar - finst det eit større paradoks, og ein meir deprimerande tanke? Kva er då vitsen med å vinne ein cup, å slite seg igjennom kamp etter kamp etter kamp, viss alt du har i vente er ein ny cup? Her snakkar vi om eit invertert atletisk reinkarnasjonshelvete, der du etter å ha slete deg igjennom ein cup og trur du fortener kvile, blir fødd inn i ein ny cup.

Ei språksosiologisk forklåring på kvifor Tyskland kriga
mot Frankrike, England og Russland 1939-45
Teorien eg her legg fram er vel ein såkalla IKEA-teori;
ein flott og lovande, og billeg, teori som passar alt
og alle, men som, når du får han innomhus, er nokså
laus i hengslene og alltid manglar ein del:
Ei gammal røvarhistorie, gjenoppfriska av ein kollega, fortel om då tyskarane under den første verdskrigen ropte "Gott mit uns!" over til skyttargravene på hi sida, og fekk til svar "Oh, yes! We've got mittens too!". Denne historia har eg aldri trudd på, men no er eg ikkje så sikker lenger.
Tysk, fransk og engelsk er som språk nokså nærskylde, og å omsetje mellom desse språka burde vere ei smal sak. Derfor tok eg ei nokså grei frase til den digitale omsetjingstenesta Babelfish for å se om hurtig kommunikasjon mellom to språk kunne vere meir problematisk enn det kan sjå ut til ved første augekast. I ein konfliktsituasjon, til dømes ein reinspikka, god, gamal og blodig krig mellom nasjonar, der stressnivået er høgt og kommunikasjonen er anstrengt, er det lett å se føre seg at små, tilsynelatande ubetydelege glippar i omsetjinga kan få storpolitiske følgjer. Om lag som kviskreleiken, berre at du utvidar sirkelen litt.
Eg tasta altså inn i omsetjingsprogrammet Babelfish følgjande frase:
"The brown fox jumps over the lazy dog."
Eg omsette vidare frasa til fransk. Resultatet blei følgjande:
"Le renard brun saute par-dessus le chien paresseux."
Vel. Ein kan sikkert seie eitt og anna om denne omsetjinga. Men det interessante skjedde då eg tok denne franske versjonen, og byrja å omsetje mellom fransk og tysk i 7 sekvensar; se føre deg ein stressa krisesituasjon mellom to land, der kommunikasjonsmulegheitne er begrensa. Here goes:
1. Der braune Fuchs springt über dem faulen Hund- omsett til fransk:
2. Le renard brun saute sur le chien putréfié - omsett tilbake til tysk:
3. Der braune Fuchs springt auf den verfaulten Hund - omsett til fransk igjen, osv.:
4. Le renard brun saute sur le chien verfaulten
5. Der braune Fuchs springt auf den Hund verfaulten
6. Le renard brun saute verfaulten sur le chien
7. Der braune Fuchs springt verfaulten auf den Hund
og endeleg tilbake til engelsk:
8. The brown fox jumps putrefied on the dog
Putrefied on the dog? Gløym no ein augneblink at dette er ei meiningslaus frase, og se føre deg at dette er ein hissig krangel om landegrenser. Katastrofalt. "Sa De Putrefied, Churchill? Jeg skal gi Dem Putrefied, skal jeg!"
Hugs at Tyskland, Frankrike og England er land som står kvarandre nær, i alle høve språkleg, men også geografisk. Kva skjer då viss vi koblar inn Russland, som jo også blei kobla inn under den andre verdskrigen? Eg omsette den siste frasa, nummer 8, til russisk, og så tilbake til engelsk, og fekk dette resultatet:
"Brown fox skips after it it is rotted on the dog."
Heile situasjonen er altså heilt ute av kontroll, og det er nokså nærliggjande å slutte at denne språklege forvirringa kan ha forverra heile verdskrigen. Her kan alt skje: Sett at også Italia blandar seg inn, og vi omset denne frasa til italiensk og tilbake til engelsk. Resultatet blir:
"The vixen brown jumps after that it decomposes itself on the dog."
Kven har sagt noe som helst om ei revetispe, alternativt ei brunleg hissig dame, og kvifor vil ho dekompostere seg sjølv oppå ein hund? Går det i det heile an å dekompostere seg sjølv? Kan brune damer gjere slikt heilt utan vidare?
Eg har i alle høve funne ut at det ikkje er det minste rart at det er krig i verda.

Eit slag for "Go Home"-rørsla
Wednesday 03 May 2006 Kategori: Permalink
I Stavanger har det kome til om lag 4-5 tiggarar i det
siste. Dei sit i sentrum med kvar sin kopp, og ber om å
få pengar. Klassisk tigging, med andre ord.
Dagleg leiar for Byen (ein organisasjon for sentrumsbutikkane), Ingrid Hart, har i regionsavisa vår, Stavanger Aftenblad, kome med ei elegant løysing på det ho kallar eit tiggeproblem:
Så brilliant og enkelt kan altså dette problemet bli løyst: Tiggarane kan rett og slett gå heim.
Eg kjenner meg dum når eg tenkjer over følgjande: Kvifor har vi ikkje tenkt på denne strategien før? Vi kan rett og slett gå bort til personane som er uønska, og få dei til å forstå at dei må gå heim, go home. (Dei har jo ein annan hudfarge, så dei må jo snakke engelsk, akkurat som på film.)
Eg vil til dømes at alle narkolangarane i sentrum skal fjernast, og neste gong eg ser ein, skal eg gå beint fram til han og fortelje han: "Go home. Jeg vil simpelthen ikke se dem mer. Hjem til mor, bums i seng, uten kvelds, skamme dem, fy på labben!" Det same gjeld dei prostituerte på Strandkaien. "Go home, sier vi til disse negrene som spankulerer frem og tilbake på Strandkaien. Go home to mor i Afrika, ikke vise rumpene sine her hos oss!"
Eg er viss på at dersom dei berre kan gå heim og tenkje seg litt om, og gjerne ta seg ein matbete og ein kvil, vil dei kome på betre tankar enn prostitusjon, dop og tigging.

"Go home" har jeg sagt til damen som sitter på Domkirkeplassen.

Intime blondiner
Monday 01 May 2006 Kategori: Permalink
Altså.
Eg parkerer den rustne Volvoen min ved sida av ei bensinpumpe, fyller for 200 kroner, og spring inn for å betale, berre for å bli møtt av ei blondine som ser meg inn i augene, gliser og seier eit kvalmande "Hei! Velkommen!". Eg legg fort frå meg 200-lappen, ser ned og snur meg for å gå og håper at ho har gløymt heile meg. Og då kjenner eg augene hennar bak i skallen min igjen: "Takk! Ha en fin dag!"
Kva er det det går i? Skal alle plutseleg vere begeistra no? Eg er lei av å kjenne meg som ein open boks med Nugatti i ein barnehage kvar gong eg kjøper meg ein tyggis på Shell. Eller rettare: Eg er lei av å tenkje på at dei tilsette har fått streng beskjed om å behandle meg som ein open boks med Nugatti kvar gong eg kjøper meg ein tyggis på Shell.
Kjære Blonde-Berit: Neste gong du ser ein nesten 2 meter høg fyr i ein sølvgrå Volvo i butikken din - slepp deg laus! Stå fram og lat det skine igjennom at du har mensen om tre dagar, katten har gått frå deg og typen er overkøyrt. Frels meg frå nugattikjensla; glefs til meg når eg somlar med å telje opp alle femtiøringane for å betale pølsa og colaflaska, og fortel meg, gjerne med ein kombinasjon av ord og gestikulasjon, kor sinnsjukt irritert du er over at eg ikkje greier å bestemme meg for om eg skal ha rå eller steikt løk på.

Ein tryllekunstnar blir rana
Saturday 29 April 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Mellom alle dei unyttige tinga eg har lurt på er kva
ein tryllekunstnar gjer når han blir rana. I teorien
burde det jo vere ei enkel sak å stikke neven i lomma
og -- utan at ranarane ser dette -- vise at han ikkje
har noe, medan lommeboka ligg skjult i ermet.
Alternativt kan han trekkje fram ei kanin og prøve å
overtyde tjuven om at dette er det einaste han har på
seg.
Saka er at tryllekunstnaren David Copperfield (du veit, han som ser ut som han kunne heite Jeff og spele i en såpeserie) har demonstrert denne teorien. Copperfield (eller Kotkin som han eigentleg heiter) fekk nyleg ein svær pistol mot tinningen, om kvelden rett etter eit show, og blei beden om å tømme lommene sine. Copperfield vrengte lommene og demonstrerte at dei var heilt tomme, trass i at han hadde både pass, mobiltelefon og lommebok i dei same lommene.
Copperfield sjølv kallar dette "reverse pickpocketing." Eg er svært imponert.
(Heile historia finst her.)

IQ-test
Tuesday 25 April 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Ta denne på venene og kollegaene dine. Svært enkel,
svært presis, og han bør føre med seg konsekvensar for
tida du brukar saman med folk:
1. Løyser du Sudoku?
2. Har du noen gong dansa fugledansen?
3. Synest du Da Vinci-koden var ei bok du lærte noe av?
For kvart svar som er "ja" eller på andre måtar bekreftande, rettar du ein finger i veret, tre fingrar dersom svaret på spørsmål 3 er bekreftande.
Når testen er slutt tel du fingrane du har retta ut. Har du 3 eller fleire fingrar igjen, bør testpersonen ekskluderast frå din sosiale krins, familie, arbeidsplass, eller liknande.

Foppall
Tuesday 25 April 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Eg har gjort noe svært merkeleg til å vere ein person
av min kroppsfasong. Trass i at gravitasjonskreftene
verkar meir på meg enn mange andre har eg gått hen og
blitt foppalltrenar. Rett nok på Hinna 2 sitt jentelag
(3.-klassingar) og rett nok berre 4.-assistent på
treningane (eg set stort sett berre ut kjegler og
samlar dei inn igjen etterpå
, men likevel. Eg går i
treningsdrakt og ropar at dei må skyte ballen inn
foran mål og slike fotball-rop, særleg på kampar
mot andre lag. "Spring, din sekk, du har jo bein!"
og "Se opp for den feite fjerdeklassingen bak
deg!" og "Dommaren er ei hore" og slikt. Vel, eg
tenkjer på slike kommentarar, sjølv om det som
kjem ut er snillare. Eg har magesår og må ta det
med ro.
Kva gjer ein ikkje for å vere eit godt førebilete.

Fredagens desidert verste oppleving:
Friday 21 April 2006 Kategori: Permalink
Å høyre ein kor-amatør frå Vestlandet nyte seg sjølv i
Nora Brockstedts GP-låt "Voi-Voi" frå 1820 medan dei
andre kor-amatør-venene hans prøver å følgje han i noe
som sannsynlegvis skal vere to- eller trestemt, medan
Ivar Dyrhaug later som han blir rørt, og alle dei andre
deltakarane later som dei synest det er vakkert, medan
alle eigentleg høyrer og ser at dette er svært
pinleg.
Eg får lyst til å teipe på meg 50 kg. plastisk sprengstoff under t-skjorta, springe inn i studio og hyle at dette må ta slutt!
Dette bør bli forbode med ein gong:
1. Kor-verksemda her til lands. All song over tostemt må bli forbode.
2. Damer som syng rolege songar til akkompagnement av piano.
3. Saksofonsoloar
4. Rolf Løvland
5. Gospelmusikk. Det er nok no.

Hytteliv
Tuesday 18 April 2006 Kategori: Permalink
Påska er over, og eg har vore på hyttetur. Å vere på
hyttetur er ei eiga greie, ulikt alt anna. Det som
overraskar meg mest er at alt i påska er omvendt av
resten av livet, om lag som Bizarroworld, for dei som
hugsar Supermann. Alle prinsipp som gjeld elles i livet
er snudd opp/ned, og i det ein trør over hytteterskelen
endrar livet seg, og blir ikkje det same gamle før du
har vaska ut hytta, tømt snurredassen og er i bilen på
veg heim. Her er alt det sjuke du må finne deg i:
1. Hygiene
På hyttetur skal du vere uvaska og uflidd. Der du elles ville ha lukta deg under armane og rynka på nasa over di eiga kroppslukt, skal du no valse rundt i sveitt ullundertøy og gni den ekle og sveitte kroppen din opp til dei du er saman med. Ei hytte med skikkeleg bad er ikkje ei hytte, men hus, og hus tel ikkje på fjellet. Når du tørkar deg i rompa på do skal papiret leggjast i ei eiga korg, og ikkje hivast i do, og ein må spare på vatnet når ein vaskar fingrane. Viss ein i det heile er så homo at ein vaskar fingrane.
Bestikk og fat blir brukt om og om igjen, og berre sporadisk vaska i snøen.
2. Kritisk sans
Den kritiske sansen er i vill flukt på hyttetur:
a) klede: På hyttetur er det undertøyet som tel. Greitt nok i løypa, men i hytta skal du ha laust, saggete og blått ullundertøy frå Dovre.
b) tidtrøyte: TV er femi, og i alle høve ikkje noe anna enn NRK, med Roald Øyens påskenøtter og 6 timar lange påskemesser frå Polen. Aller helst skal du lese bøker som er så suspekte at du aldri elles ville ha tilstått å ha lese dei. I år, til dømes, las eg Da Vinci-koden, og meska meg skikkeleg i gamle nyheiter om apokryfe skrifter og dårlege konspirasjonsteoriar. Dette hadde eg aldri rømt inn, var det ikkje for at det skjedde i hytta på fjellet. Det same gjeld spel: På hytta er det det kjedelegaste og mest inkjevetta spelet som tel: Yatzy (uttalast "jessi" av røynde hyttefolk. Ikkje drit deg ut her). Kva er dette med at ein skal på død og liv spele på hyttetur?
c) gjestar: På hytta tillet ein seg å snakke med, jamvel invitere inn, den irriterande fyren frå nabohytta, som du elles ville ha skore av deg øyra for å ha unngått å høyre på.
3. Mat
På hytta er det den maten som tar minst plass og har minst smak som tel: Supper, potetmos og pølser, til dømes. Brødet er berre ferskt den første dagen, og smakar vondt resten av ferien, saman med dei elendige middagane.
4. Søvn
Ei dobbeltseng i ei hytte er om lag 20 cm. smalare enn ei enkeltseng heime. Viss du, som eg, ikkje likar å gni deg inntil kjærasten din absolutt heile natta, men set pris på litt rom og armslag og verdifull åleinetid under dyna i løpet av natta, kan du gløyme dette heile hytteturen. Du får ikkje fred før du kjem heim eller greier å snike deg til nokre timar på dagtid, medan alle dei andre et appelsinene sine i skiløypa.

Påskeferie
Tuesday 11 April 2006 Kategori: Permalink
Reklame 2: Kven veit kva om meg?
Monday 10 April 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Og medan eg er inne på dette med reklame: Eg får mail
på mail frå ein som kallar seg Lionel Haney -- han må
verkeleg ville meg noe. Haney skriv i ein veldig
tilknappa og punktvis stil, på eit heller slett
engelsk, og meldinga er kvar gong som følgjer:
Han vil altså fortelje meg at ein sensasjonell medisinsk urte-revolusjon kan gje meg ein 10 cm lengre penis. No skal eg ikkje vere påtrengande intim og fortelje kva dette tyder i prosent for meg, men 10 cm auka penislengd er ganske mykje for dei aller fleste menn.
Men: Det som uroar meg er at eg samstundes får mail frå ein eller ei som kallar seg Elmercyna. Mailane til Elmercyna har anten tittelen "Lose those love handles" eller "Wanna fit into those jeans?" Elmercyna har altså fått greie på at eg har lagt på meg i det siste.
Og det er no eg blir paranoid: Einkvan der ute på det store Internett har altså ei bestemt oppfatting av at eg er ein person som er feit og har liten penis, og spreier rykter om dette til folk som Lionel Haney og Elmercyna. Då byrjar eg å lure: Er det ein vondsinna eks-kjærast som tar igjen for at eg har dumpa ho? Kva hadde ho eigentleg imot valkane mine og penisen min, og kvifor sa ho ingenting då vi var saman? Og kva skal eg gjere for å stoppe desse rykta?
-Sensattional revolution in medicine!
-Enlarge your penis up to 10 cm or up to 4 inches!
-It's herbal solution what hasn't side effect, but has 100% guaranted results!
-Don't lose your chance and but know wihtout doubts, you will be i`mpressed with results!
Han vil altså fortelje meg at ein sensasjonell medisinsk urte-revolusjon kan gje meg ein 10 cm lengre penis. No skal eg ikkje vere påtrengande intim og fortelje kva dette tyder i prosent for meg, men 10 cm auka penislengd er ganske mykje for dei aller fleste menn.
Men: Det som uroar meg er at eg samstundes får mail frå ein eller ei som kallar seg Elmercyna. Mailane til Elmercyna har anten tittelen "Lose those love handles" eller "Wanna fit into those jeans?" Elmercyna har altså fått greie på at eg har lagt på meg i det siste.
Og det er no eg blir paranoid: Einkvan der ute på det store Internett har altså ei bestemt oppfatting av at eg er ein person som er feit og har liten penis, og spreier rykter om dette til folk som Lionel Haney og Elmercyna. Då byrjar eg å lure: Er det ein vondsinna eks-kjærast som tar igjen for at eg har dumpa ho? Kva hadde ho eigentleg imot valkane mine og penisen min, og kvifor sa ho ingenting då vi var saman? Og kva skal eg gjere for å stoppe desse rykta?
Reklame
Monday 10 April 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Følgjande reklamebanner viste seg på ei (heilt
uskuldig) nyheitsside eg sjekka ut frå maskina mi
heime. Eg bur på Sandnes, og reklamen prøver heilt
tydeleg å rette seg etter området eg er i ved å sniffe
IP-adressa til datamaskina mi:
Eg veit ikkje heilt kor truverdig det er at nettstaden Passion har desse medlemmene i nærleiken av meg. Ta til dømes den nedste dama. Kva er sjansene for at ei 22 år gamal blondine som kallar seg "Ocean Girl" sit naken og ventar på meg i Øvre Oltedal, som det står?
Dei har jo ikkje eingong hav i Øvre Oltedal?
Og til LadyS64 frå Hognestad: Prøv noe anna enn krepp-sveis. Det funkar kan hende på odelsguten på nabogarden, men ikkje på meg.

...
Friday 07 April 2006 Kategori: Permalink
Koss akademia blei til: Dei feite, fargeblinde, late og
nærsynte
Eg trur eg har funne svaret på eit spørsmål
overraskande få har stilt seg: Koss hadde det seg at vi
byrja å interessere oss for akademiske disiplinar?
Korleis og kvifor oppstod eigentleg dei første
akademia?
Eg trur det er tøv at vi tidleg byrja å gruble på kven vi er og kor vi kom frå. Det har eigentleg aldri brydd oss. Vi har derimot alltid prøvd å forenkle alt rundt oss, og slik byrja vi å samle og byte, og slik fann vi opp hjulet. Det har ingenting med dei store spørsmåla i livet men alt med kor lite vi treng å røre på oss å gjere. Kor mykje får eg igjen for minimal innsats, med andre ord. Der også derfor ekteksapet har stått seg som ein solid institusjon i dei patriarkalske samfunna, og først no, som kvinnene kjem til, er i ferd med å rakne: Vi menn har halde ut med de kvinner av di det har vore enklast for oss slik; ein ordna heim og alltid varm mat på bordet, og noen som kan fortelje oss at vi er best.
Mannen har på si side alltid vore den som har vore ute i skogen og på slettene på jakt etter mat. Og i tusenvis av år har den naturlege genetiske seleksjonen silt ut ei bestemt gruppe: Dei feite, fargeblinde, late og nærsynte mennene (FFLN-mennene). For kva skulle vel vi (for eg høyrer heime her) gjere på steppene, som ikkje greier å skilje ei eik frå ein giraff? Vi er i utgangspunktet genetisk overflødige, og i lange tider greidde naturen å halde oss nede. Kva økosystem har vel bruk for ein som ikkje ser ei frådande okse i vill fart på veg mot seg sjølv, og om han hadde sett det ikkje hadde orka å flytte seg?
Svaret er jo sjølvsagt det akademiske økosystemet, som blei funne opp av, nettopp, FFLN. Ein eller annan gong, på eitt eller anna tidspunkt, resonnerte ein FFLN slik:
"Nei, helsike, eg må rettferdiggjere min eksistens. Eg gjer jo ikkje anna enn å sitje på ræva mi og utstøyte rare lydar. Slik kan det ikkje vere.
(Gryntar misnøgd medan han strekk svevnen or kroppen, stikk handa under skinnfellen og klør seg på testiklane: 'Øøøø!!!' 'Nnggh!!!' )
"Men, hei, kva er det som skil lyden 'øøøø' frå 'nnngh'? Det kan eg jo prøve å finne ut av!"
Og dermed var lingvistikken fødd. Fleire kom til, og resten er historie: I tusenvis av år har feite, fargeblinde, late og nærsynte menn sete på baken sin og studert til dømes skilnadene mellom konsonantar og vokalar, og gjort det til noe viktigare enn å skaffe mat og dyrke jord.
Dette handlar altså ikkje om å vere nyfiken på livet, døden, havet, Gud og kjærleiken, men om å unngå stress, og det løgne er jo at vi har innbilt heile kulturar at det er viktig.

Vekk med handskrifta
Monday 27 March 2006 Kategori: Permalink
Handskrift er heilt unødvendig, og eg har lengta etter
den dagen då vi vaknar opp og lurer på kva vi skal
bruke desse blyantane til, anna enn å tygge på. Den
dagen er nærare enn eg har håpa på, ifølgje den sjølvutnemnde og lett geriatriske
digitalprofeten Howard Rheingold.
Dei mellom 15 og 24 nyttar visstnok handskrift berre i 5% av dei tilfella dei treng å kommunisere i skrift. Dette kallar eg framsteg.
Vi kan jo berre håpe at den same nedgangen i denne aldersgruppa gjere seg gjeldande i den munnlege kommunikasjonen.

Nynorsk og virilitet
Monday 27 March 2006 Kategori: Bestemora
miKategori: Permalink
Dessutan, ber bestemora mi meg om å tilføye, har vi
nynorskingar meir krut i posen. Vi
er meir fruktbare enn bokmålsfolket, rett og
slett.
No gjenstår det berre å finne ut om e-målsnynorskingar er betre enn a-målsnynorskingar, noe eg personleg trur, og vidare om det å vere nynorsking i bokmålskommunar øydelegg sædkvaliteten, noe eg fryktar. Dei skal i så fall saksøkast til langt oppetter dei manglande diftongane sine.

Nynorsk-krisa
Monday 27 March 2006 Kategori: Bestemora
miKategori: Permalink
Eg har lova meg sjølv å ikkje skrive om nynorsk her.
Derfor overlet eg igjen maskina til bestemora mi, som
gjerne skriv om nynorsk. Ho heiter også ArneOlav, og
her det ho meiner:
Det kan vere eit sjukdomsteikn, men eg skjøner opptil fleire av argumenta til blårussen som handlar om nynorsken, og eit døme på slikt noe finn du her. Eg er langt på veg samd i at ein ikkje kan regulere seg fram til eit levande og godt nynorsk, men noe drahjelp frå lovar og reglar må eit kvart språk ha. Derfor meiner eg vi framleis bør ha eit regulert forhald mellom nynorsk og bokmål, til dømes i det offentlege.
Det sterkaste argumentet for nynorsken finn ein likevel i sjølve språket, og eg er overraska over kor lite som blir gjort for å setje fokus på det språklege og språk-estetiske i denne diskusjonen. Kor er forskinga på dette, kjære målrørsle? Nynorsk er ikkje eit lyrikkspråk, det er eit språk for hjernen og dei kvasse, direkte og aktive formuleringane, og dette synest eg særpregar nynorske prosaforfattarar. Sjølvsagt er det like mange gode bokmålsskribentar, men poenget mitt er dette: Nynorsken og det nynorske språkidealet representerer noe annleis, og dette annleise har ein språkleg eigenverdi.
Denne verdien trur eg fleire hadde sett, hadde ikkje nynorsken vore redusert til eit tvangsmål og eit spørsmål om kjønn og sterke verb. Eg trur langt fleire hadde vore tent med å skrive nynorsk, og sett dette, viss vi på vår side kunne ha kvitta oss med tåkeleggjarane frå målrørsla. Sanninga ligg ikkje eingong mellom venstre- og høgresida, men ein heilt annan stad, som båe desse ytterpunkta har gløymt ut: I sjølve det språklege, det meiningsberande og -skapande; språkidealet og det estetiske.
I 2007-8 ønskjer eg meg verkeleg boka som tar føre seg nynorsken og språkestetikken, ikkje nok eit språknekrofilt festskrift over ein stor og 150 år gamal nynorsking.

Råd til lærarspirer
Friday 24 March 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Dersom du har tenkt å bli lærar, har eg nokre tips som
eg vil dele med deg her. Dette kan verke fordomsfullt,
men det er berre noe du trur:
1. Viss du har datakunnskapar ut over lærarstandarden, må du for alt i verda ikkje røpe dette. Tut med dei ulvane du er med, og desse ulvane har ikkje greie på IKT. Lat altså som om du ikkje kan særleg. Viss ikkje, får du brått ansvaret for å svare på allslags tåpelege spørsmål, og du må kurse gamle damer med fargerike klede og høyre på dumme påstandar om at "det virket jo i går." Windows er for ei lærarinne som kjernefysikk er for oss andre.
2. Det same gjeld spesialpedagogikk: Hald det hemmeleg, med mindre du alt er over 50 og har kjøpt alle dei fargerike kleda dine på Design Forum. Då er sjansen stor for at du vil trivast med dette faget.
3. Viss du har klypt deg, kjøpt deg ei ny jakke eller på andre måtar alterert framtoninga di, og du blir møtt med "Å! For ei stilig jakke" eller liknande begeistra utrop på lærarrommet, veit du at du har feila grundig. Aldri ta imot råd frå damer som går med keramikkøyredobbar, barber deg på skallen og hiv jakka. Rykk tilbake til start.
4. Stol aldri på personar frå sørlandet som er tilsette i skuleverket. Dei vil deg berre vondt, som til dømes å frelse deg eller å samtale med deg om meiningslause diktanalysar. Høyrer du sørlandsmål i korridorane bør du søkje tilflukt på næraste toalett. Her kan det gjerast unnatak for bibliotekarar frå Arendal, for dei verkar greie.
5. Ta aldri imot litteraturtips frå norsklærarar. Dei les berre dei same gamle romanane som førelesaren på universitetet tygde for dei i si tid. Kven som helst av dei andre tilsette (rektor, kontor- eller vaskepersonalet) har betre greie på dette. Hugs: Nora er eit tøyte, og Garborg skriv betre enn Dei tre oppskrytte (Bjørnson, Kielland og Lie) til saman.
6. Du må aldri røpe noe som helst om arbeidstida di til personar som har andre yrker. Då vil alle se kor lite vi eigentleg jobbar, og helvete brakar laus; bunden arbeidstid, kortare feriar osv. Hald berre kjeft. Gjenta etter meg: Vi er ei overarbeidd yrkesgruppe, med låg løn og store lån. Vi er ei overarbeidd yrkesgruppe, med låg løn og store lån. Vi er ei overarbeidd yrkesgruppe, med låg løn og store lån.
7. Skriv alle meldingar til medarbeidarar og administrasjon på nynorsk. Då trur folk at du er meir påliteleg, solid og staut enn du eigentleg er. Bruk altså fordommane til din fordel: Folk som skriv nynorsk er naive grovbrødtyggande bønder som berre tenkjer på Jesus og les Smørbukk.
8. Gutar som har studert på lærarhøgskulen er ikkje gutar lenger, for pedagogikken har forvandla dei til jenter (rett nok innelåst i ein gutekropp). Dette er eit velkjent fenomen som blir kalla "den pedagogiske transubstansasjonslæra." Desse gutoidane bør få tilgang til både herre- og dametoaletta. Lat dei få gråte i fred.

Fugleinfluensaen
Thursday 23 March 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Omvend eder, for mai er nær
Wednesday 22 March 2006 Kategori: Permalink
Denne karen er eit kjent innslag i Stavangers bybilde:
I årevis har vi sett han stå langs gatene med eit skilt (det same som på bildet) med følgjande bodskap: Omvend dere, for Jesus kommer snart.
Til dette vil eg knyte nokre kommentarar:
1. Bodskapen om Jesu kome har ikkje alltid vore så generell. Då eg kom til Stavanger i 1988, ung, fargeblind men grøn (blei det sagt), gjekk denne karen og det eg trur er sonen hans rundt med kvar si svære boblejakke med følgjande bodskap på ryggen: Jesus kommer i 1988. Dette er ein nokså presis spådom for ei hending av slike dimensjonar; vi snakkar trass alt om ei ny jord og ein ny himmel her, verken meir eller mindre.
Vel, 1988 blei 1989, og det torer vel vere kjent at Jesus ikkje kom. Den same gamle jorda, og den same gamle, regntunge himmelen.
Neste gong eg såg dei hadde dei endra litt på bodskapen bak på jakkene sine, for no sto det at Jesus skulle kome i 1989. Igjen, 1989 gjekk og 1990 kom, utan Jesus. Men no bytte dei strategi: Eg såg dei med skilt og boblejakker våren 1990, og då hadde dei bytt ut "1989" med det langt mindre presise "snart:" Jesus kommer snart, altså. Ei aning feigare, men sikkert klokt.
2. Bildet over tok eg frå bilen min i går. Her har det skjedd noe, for over "Jesus" har han klistra ein stor lapp der det står "mai." Dette kan tyde på to ting:
a) Vi må omvende oss, for Jesus kjem i mai -- altså tilbake til den gamle strategien, men litt meir presist denne gongen. Han må ha fått nye og viktige opplysingar.
b) Vi må omvende oss, for mai kjem snart. Dette forstår eg ikkje heilt, av di mai aldri har representert eit generelt trugsmål for andre enn studentar.
Det blir nok tydelegare i mai, og viss ikkje, får vi følgje med på nye plakatar frå denne karen. Eg skal formidle vidare det eg ser. Eg trur jamvel eg skal stoppe og spørje fyren kva han eigentleg meiner no.

Opphavsrettsleg sjølvmelding
Tuesday 21 March 2006 Kategori: Permalink
Etter å ha vore musikar og sjølvstendig næringsdrivande
med ansvar for forskottskatt, momsfrådrag og ei
sjølvmelding lengre enn masteravhandlinga mi, har eg
utvikla ein angst for fut og fogd. Denne angsten har
trengt inn i kroppen min og blitt patologisk. Eg orkar
ikkje å opne brev frå kommunen, fylket eller staten,
alt dette må sambuaren min ta seg av. Hin dagen kom det
til dømes eit brev frå kemnaren. Han sender ut slike
vemmelege brev med perforeringar i kanten, om lag som
lønsslippen, og slike brev, med KEMNEREN I SANDNES i
krigstypar utanpå, verkar lakserande på meg. Når du må
rive eit brev opp etter perforerte linjer er det
viktig. Denne gongen var det berre melding om
forskottskatt.
Eg trur faktisk det finst behandlingstilbod for stoda mi, men hos oss løyser dette seg ved at eg har blitt fråtatt alt ansvar for mine eigne (og andres) pengar. Eg er kastrert, og får ikkje ein gong rå over Visa-kortet mitt, endå mindre nettbanken. Men eg liker det slik, og eg slepp å opne dei lakserande breva. Gje meg vekepengar og snop om laurdagen, så er eg nøgd.
Det er umogleg for meg å sjå kven som vitjar bloggen min. Alt eg veit er talet på treff per dag, og kva internettleverandør dei ulike treffa kjem frå (Telenor, Lyse, etc). Så dette er ikkje spennande lesing. Hjartet mitt hoppa i mellomtida over ein liten ettermiddag då eg i staden for Telenor eller Lyse las at Kopinor hadde vore inne på bloggen min! Kva skjer? Har dei lukta at eg er lærar og jobbar på ein skule med kopimaskin,* og mistenkjer meg for å ha snike meg til ein kopi og to? Det er som om kemnaren har tatt pant i bloggen min.
Dette gjev meg angst, og eg ønskjer ikkje strafferettsleg forfølging. Eg vil derfor kome med ein appell til Kopinor:
Kjære Kopinor. Det kan ha vore slik at eg uforvarande har kome til å distribuere ein kopi av Olav Nygards dikt "No reiser kvelden seg." Eg skal umiddelbart inndra dette diktet. Det dreier seg om 14 kopiar, og det blei gjort tidleg i år, i god tru, før eg ante omfanget av konflikten. Dessutan er Olav Nygard i slekta mi, så eg kan muligens sleppe av kroken av den grunn? Eller kan hende ikkje. I alle fall: Eg legg meg flat, elevane mine skal ikkje få eit glimt av kopiert, opphavsrettsleg beskytta materiale, og eg skal be dei gløyme heile Olav Nygard.
Takk, og no kjenner eg meg betre.
* Alle veit at alle kommunar og fylkeskommunar står utan rett til å kopiere frå opphavsrettsleg beskytta materiale, sant? Dette tyder at eg ikkje kan lage koselege kopiar av "Aust-Vågøy" og liknande til elevane mine.

Kakemonsteret og Death Metal
Friday 17 March 2006 Kategori: Permalink
Viss du liker Death Metal er du kan hende interessert i
denne Wall Street-artikkelen om
kakemonster-trenden blant Death Metal-vokalistane.
Kakemonster-trenden handlar altså om lyden desse
vokalistane lagar når dei syng, mykje likt
kakemonsteret i Sesam stasjon.
Dette
Thursday 16 March 2006 Kategori: Permalink
Leonard Cohen

Eg har tidlegare medgitt at eg ikkje likar Cohen særleg
betre enn eg likar andre Kvinner og Klær-lyrikarar.
Likevel er behandlinga låta "Hallelujah" får av eitt
eller anna svensk danseband (eller norsk, heilt umogleg
å skilje mellom Sverige og Noreg i dansebandsjangeren)
blodig urettvis. For det første er no det musikalske
ein ting, der dei humpar av garde på tradisjonelt jolly
dansebandvis. Ein heilt annan ting er videoen, der dei
er filma i eit tivoliapparat som går rundt og rundt,
medan dei leppe-synkar til musikken og prøver å unngå å
spy.
Eit ubetaleleg syn, eigentleg, heilt sjukt. Du finn det på Danseband-Jukebox på NRK2 etter stengetid, og det er veld verd det å li seg igjennom Ole Einars, Einar Ivars og Ole Jørgens for å få med seg denne videoen.

Svensk antisemittisme
Tuesday 14 March 2006 Kategori: Permalink
Det finst ein tradisjon for å fornekte og bagatellisere
antisemittisme i Sverige, og jødehatet har levd godt
hos broderfolket sidan 1945, jamfør denne artikkelen i svenske Dagens
Nyheter. Kvar fjerde svenske har
motførestellingar mot ein jødisk statsminister.
Syngande politikarar
Tuesday 14 March 2006 Kategori: Permalink
Heilt sidan eg høyrte Valgerd Svarstad Haugland synge
"La det swinge" på TV, har eg hatt store problem med å
bli kvitt gjenklangen i hovudet mitt av norsk politikks
styggaste songrøyst (i alle høve som eg har opplevd).
Det er noe med KrF og artistisk sjølvtillit, for
Dagfinn Høybråten har fleire gonger parodiert
kollegaer, i tillegg til, som vi alle veit, Oluf,
sterkt overtydd om at han faktisk har noe å fare med
som imitator. (Tenk å parodiere parodien Oluf!) Kristen
oppseding er altså skadeleg, og ikkje tilrådd. (At
statsrådar frå AP også har vore frampå titt og ofte tel
ikkje på same måten, for i Arbeiderpartiet er det jo
ein kultur for song og politikk. Det veit eg, av di eg
har vore medlem i Framfylkingen. Viss du ikkje veit kva
Framfylkingen er, treng du ikkje bry deg.)
I Storbritannia er det likeeins. Her er eit utval syngande politikarar som BBC har samla.

Bloggtørke
Tuesday 14 March 2006 Kategori: Permalink
Eg registrerer at fleire og fleire legg seg bakpå når
det gjeld blogging, og bloggen Tversover registrerer det
same. Jill Walker nemner at ho bloggar mindre, og Hjorthen har
kasta inn handkledet, i alle høve for ei stund. Er
det slik at bloggen ikkje var den kanalen
bloggarane trudde han var, at vi (nokre av oss, i
alle fall) rett og slett kastar vekk tida på
unyttig tøv, og ikkje får jobba med dei tekstane
vi eigentleg burde jobbe med (som Hjorthen antydar)? Tanken har i
alle høve slått meg, og meir enn ein gong.
Vel, blogg 1.0 er vel på veg ut, og vi får se kor 2.0 ber.

Google og verdsherredøme
Tuesday 14 March 2006 Kategori: Permalink
Dette er heilt sikkert ikkje sant, for eg har klypt
dette frå eit suspekt diskusjonsforum på nettet. Men eg
er ein sugar for slike rykte, og likar å tru at slikt
kan skje, pluss at eg har ein svær nerd i magen (svært
tydeleg dersom eg har ei stram t-skjorte på meg).
Derfor (i høve Googles oppkjøp av Writely og diverse
andre tenestar):
"(...) this is nowhere near the beginning for Google. My friend [working at Google labs] states that he heard that Google is working on a networked based OS that would combine the majority of the products and services of Google and make them avaliable online. GDrive is part of that and it will actually run on Google's own distributed file system. The file system/CPU cycles will be on a distributed backend so you never have to worry about a slow CPU while you're on the Google network. He also said that Google is working with major hardware vendors to provide hardware that will cache the OS locally in solid state memory (Ex: Laptop without a platter HD, but with 10GB of solid state memory). The OS will be ad supported (The ads will be located on the desktop and will be directed specifically to what you are doing at that moment on the internet.) and since it's ad supported, the hardware will be free to the user. (Think the MIT $100 laptop... It wouldn't take much use of the laptop to recover the cost...) This is set to roll mid 2007."
Tja, kvifor ikkje? Litt omvendt av no, der krafta ligg lokalt på PC'en, men dette er jo unødvendig viss tenestane online (tekstbehandlar, lagring, filsøk og -organisering) er på plass. Ingen ny eller original tanke, men likefullt besnærande, for å bruke eit uttrykk som får Ivar Aasen til å rotere som eit tannlækjarborr i grava si.
Vel, eg imøteser ein lett, billeg og stille nettverks-laptop med 15 timars batterilevetid. Apple, kvifor leitar de i feil hjørne av Internett?

For å vere litt konspirasjonsteoretisk - igjen
Slobodan Milosevic døydde på måndag laurdag, og
det blir sagt at han døydde av naturlege årsaker på si
eiga celle. For ei veke sidan døydde eit viktig vitne i
saka mot Milosevic, serbaren Milan Babic. Han tok sitt
eige liv. Skal tru om fleire reagerer på "naturlege
årsaker" og "sjølvmord" i denne saka? Eller er eg
paranoid no igjen?
Språkforum
Thursday 09 March 2006 Kategori: Permalink
Saman med rettleiaren min på masteroppgåva, Arne
Apelseth, skal eg snakke om lesing og skriving av
digitale tekstar i Språkforum på Universitetet i
Stavanger i morgon, 10. mars (trass i at det i
programmet står 3. mars). Dette er ein av fleire
dialogar mellom fagpersonar, og i dette tilfellet
mellom rettleiar og student (sjølv om eg blei
ferdig i haust). Her vil vi føre ein dialog rundt
overskriftene computer literacy, sosiale
sjangrar og digital tekstkultur.
Democracy
Thursday 09 March 2006 Kategori: Permalink
Nok ei nett-tilråding: Democracy Player er ein spelar for
video RSS-feedar -- eit program for å spele
TV-kanalar på Internett. Finst det, då? Ja, i
hopetal, om alt frå undulatfor til
undervisingsfilmar i koss å lage ein podcast,
utført av french maids. Tenk uavhengig iTunes for
video. Blir løye å sjå kor dette ender.
Writely
Wednesday 08 March 2006 Kategori: Permalink
er med dette tilrådd. Kjekt å sjå Web 2.0 i ei så nyttig drakt. Eg veit ikkje
heilt om eg torer å sleppe meg laus med dei heilt
store og viktige dokumenta, i alle høve så lenge
internett-tilgangen (via Telenor) her i huset ser
ut til å vere fullstendig randomisert. Men dette
er ei bra utvikling. Eg er stadig på jakt etter
løysingar som flyttar alt eg held på med på
maskina ut på nettet. Veit ikkje kor klokt det er,
men det er kult.
Oppdatering 9. mars: Writely er oppkjøpt av Google, så dette teiknar bra.

Jesus og Mac
Tuesday 07 March 2006 Kategori: Permalink
Paven har kjøpt iPod. Sidan paven
er Guds stedfortredar på jord og følgjer den
apostoliske suksesjonen som kan sporast i rett
line tilbake til Peter, utpeikt av Jesus (lat oss
no gløyme kyrkjehistoriske smådetaljar her), er
det rimeleg å tru at sjølvaste Jesus ville ha
brukt iPod. Logisk nok. Derifrå er spranget lite
til at han hadde kjøpt ein iMac, eller kan hende
ein PowerBook, sidan han var mykje på farten. Guds
eiga maskin, med andre ord.
Madrid
Wednesday 01 March 2006 Kategori: Permalink
Eingongsgrillteorien
Wednesday 01 March 2006 Kategori: Permalink
Vi var på fjelltur på søndag, og min spanske kvartdel
insisterte på å ta med eingongsgrill. Eg hadde skarpe
innvendingar, av di eg meiner det er heilt innlysande
at ein grill vil smelte snøen under, og bli eit
ubrukeleg røykande irritasjonsmoment 5 meter nede i ein
tunnel i snøen, lenge før pølsene er varme. Eg
iverksette derfor eit dokumentasjonsprosjekt med
kameraet på mobiltelefonen min, for å bevise teorien
min.
Her er grillen etter 5 minutt:
Her går alt greitt, og dei med godt syn kan se flammane til venstre på grillen. Så langt er alt vel.
Etter ca. 15 minutt ser grillen slik ut:
Eg byrjar her å innse at avleveringa av varme i retning nedover går treigare enn eg har trudd. Grillen har ikkje sunke.
Etter om lag 20 minutt, og med nokre pølser på ser det slik ut:
Framleis står grillen i ro, sjølv om han lagar skrekkeleg masse røyk. Eg byrjar no å leite etter alternative teoriar for å vri meg unna, men vel å stå på mitt. Framleis kan mykje skje.
Etter ca. ein halvtime innser eg at det er eitt eller anna eg ikkje har fått med meg i fysikktimane på gymnaset. No er nesten alle pølsene oppetne, og grillen står fjellstøtt:
Irriterande å ta feil.

Problemet Støre
Saturday 25 February 2006 Kategori: Permalink
Statsvitar Thor Øivind Jensen frå UiB har skrive
ein framifrå artikkel om Jonas Gahr
Støre. Denne synest eg er sprek.
Velg matematikk
Saturday 25 February 2006 Kategori: Permalink
Espen Andersen bloggar eit innlegg
han sjølv har i Aftenposten, der han gjev 11 grunnar til at ein skal velje
realfag. No veit eg ikkje om Andersen vil vere
polemisk eller morosam, for ein kan lese i alle
høve delar av innlegget som begge delar. Eg les
det slik:
Innlegget gjev ei rekkje argument for kvifor ein skal velje matematikk, og nokre av desse grunnane er gode. Det finst også fleire gode grunnar som Andersen ikkje nemner -- til dømes nasjonale argument som ein blåbloggande BI-førelesar sannsynlegvis ikkje finn særs viktige.
Likevel snublar artikkelen i fleire teppekantar undervegs: Andersens artikkel drar fleire parallellar mellom matematikkfaget og intelligens, tankekraft, ryddig argumentasjon og emne til å framstille ei sak. Å slutte at matematikkstudium gjev deg klåre tankar er ei kvalifisert kort-slutning, og altså (når det kjem frå realisthald) i seg sjølv eit prov på det motsette. Når har det blitt slik, og kven kan føre prov for dette?
Vel, kan Andersen postulere, så kan eg: Eg språkvaskar og les korrektur for ei rekkje tekstar frå realisthender, høgt utdanna og kvalifiserte slike. Desse realistane, sett under eitt, utmerkjer seg med gode fagkunnskapar i matematikk, men ikkje med utprega gode emne til å føre ein kvar tanke logisk, klårt og tydeleg fram til ein konklusjon. Her er det andre emne enn kva fag du har studert som avgjer. Tankeklårheit og logisk, solid og tydeleg argumentasjon har ingenting med matematikkstudium eller rekneferdigheiter å gjere.
Eg forstår ikkje kor dei kolonialiserande tankane om matematikken som eit universelt tenkje- eller intelligensfag kjem frå. Eller, rettare: Eg veit jo at dei kjem frå det naturvitskaplege hegemoniet som har ridd delar av vestleg åndsliv frå 16-1700 talet (jamfør positivismestriden her til lands), men eg trudde no at vi hadde blitt klokare no, og kvitta oss med slikt. Andersen skriv til dømes følgjande, og det er nesten flaut å lese slikt: "Matematikk er for læring hva kondisjons- og styrketrening er for idrett." Vel, igjen: Sjå kor langt matematikken har ført artikkelforfattaren i retning av å trekkje gode parallellar.
Av å studere matematikk blir ein flinkare i matematikk. Ikkje romantiser matten, det er det ingen grunn til. Faget har ein eigenverdi, og den er stor nok i massevis. Studer matematikk av di du vil bli flinkare i matematikk, ikkje av di du trur at du lettare unngår å bli lurt av pyramidespel, blir rikare enn ei popstjerne, eller blir smartare, som Andersen så banalt formulerer det.
PS: Å rakke ned på lærarstudentane er greitt nok; lærarstudia har hatt låg status, låge inntakskrav, og følgjeleg mange dårlege studentar. Men når du er BI-lærar bør du kan hende vokte deg litt for å rakke ned på studentar ved andre fakultet. BI har vel ikkje rykte på seg for å produsere framtidige Nobelpris-kandidatar dei heller.
PS 2: Eg vil varmt tilrå Andersens blogg, for den er både kunnskapsrik, engasjerande og provoserande.

Skilt ved fødselen 4
Tuesday 21 February 2006 Kategori: Permalink
Leonard Cohen
Ser at noen hissar seg opp av at eg ikkje skriv
fordelaktig om Dylan og musikalar, og i samband med
dette blei Leonard Cohen nemnt. Godt, for eg hadde
heilt gløymt han ut:
Cohen høyrer heime i akkurat same gata som Dylan, etter mine begrep. Han har laga ein og annan god låt, men øydelagt dei ved å framføre dei sjølv. Igjen: Myta om Cohen blir oppretthalde av inkontinente damer i 50-åra, og sjølvsagt dei wannabe-intellektuelle gymnas-raddisane frå Unge Høyre. Dei er jo aldri til å unngå.
Tor Milde likar Dylan og Cohen, og dermed er det meste sagt om mykje.

Bob Dylan
Og med det same vi diskuterer musikk: Bob Dylan syg.
Det er berre gamle norsklektorar som røykte såpass
mykje på 60- og 70-talet at dei ikkje fekk desse tiåra
med seg som påstår at han har særleg å fare med. Og så
nokre jyplingar som har ei eller anna tåkete formeining
om at det skal vere kult då, sjølvsagt, sidan det har
vore litt kult å vere retro i det siste.
Keisaren har ikkje klede, han spradar rundt med penis i fri luft, og Bob Dylan kan verken køyre motorsykkel, spele munnspel, synge eller skrive låtar (kan hende med eitt og anna unnatak, men då alltid gjort betre av andre artistar).
Han hadde sikkert gjort ein god figur som ein sur Tor Milde-lookalike i ein amerikansk Idol-jury.
Slik. No har eg fått sagt noe om både Dylan og musikalar, så då er eg nøgd.

3 ting eg lurer på med Linux
Monday 20 February 2006 Kategori: Permalink
Flytte til Internett
Friday 17 February 2006 Kategori: Permalink
Eg har forlengst flytta alt av mail til nettbaserte
tenester (gmail), og vurderer også web-basert
bloggprogramvare, i staden for RapidWeaver, som eg no
brukar. RW er eit godt program, men for rein blogging
funkar jamvel tenester som Blogger betre. Eg
likar tanken på å kome til alt frå kva maskin som
helst, så lenge eg har Internett-tilgang, og i samband
med eit harddisk-havari eg hadde i haust var det i alle
høve ei lette å ha all mail tilgjengeleg på weben.
Eg rår i desse dagar over ein Linuxserver som putrar og går, og vurderer å installere til dømes Movable Type, eller å abonnere på det same firmaets web-teneste, Typepad.
Viss ein eller annan av dei 4 lesarane mine kan tipse meg, er eg glad for det. Eg er ekstremt lett påverkeleg.

Wiki
Friday 17 February 2006 Kategori: Permalink
Er i ferd med å setje opp ein wiki på skulen eg jobbar
på. Målet er å få dei svært så oppegåande elevane eg
har til å produsere andre tekstar enn "Då eg var på
tyttebærtur med mor"-stilar, som berre eg les. Kvifor
skal det ikkje vere mogleg å produsere tekstar som
andre kan ha nytte (eller glede) av å lese?
Det er mogleg dette prosjektet fell til bakken som ein skinnfell, og det gjenstår nokre pedagogiske utfordringar. Til dømes ligg det ein eksamen og ventar i enden av utdanningsløpet, og til eksamen skal dei framleis skrive om tyttebærturen sin. Dei må derfor få øving i å skrive slike tekstar og. Og korleis motiverer ein elevar til å skrive tekstar i ein wiki og/eller ein blogg? (Kan hende kan nokre av de elevar som les denne bloggen svare meg på det?)

The Long Tail
Trøysta for oss småbloggarar.
Nintendo DS og Brain Training
Eg fortel alle eg kjenner kor begeistra eg er for
dottera mi sin Nintendo DS.
Eg synest det er ein genial liten boks som tar dei berbare spelkonsollane eit godt steg vidare, med touch pad og mikrofon for talestyring, med meir. Denne artikkelen fortel om ein ny trend som har funne heim på DS-plattforma: Brain Training -- spel som øver opp ulike ferdigheiter. Eller er det spel? Kor går grensene her?
Uansett: mykje kjekt i vente på DS-plattforma. Og, ja: Det er kjekt å kunne blåse såpebobler til hunden din i Nintendogs og faktisk måtte fysisk blåse boblene, ikkje trykke på ein knapp. Det synest i alle høve dottera mi.

Diss musikalen
Bloggen Typisk Tor Andre bruker ein heil post på å argumentere for
kvifor vi skal respektere musikalen. Trur eg.
Eg veit ikkje heilt, av di musikalar er så
kjedeleg at eg ikkje ein gong gidd å lese om dei.
Derfor las eg ikkje heile bloggposten. Men det er
ikkje naudsynt, for dette er poenget mitt:
Musikalar er eit håplaust mellomprosjekt, verken fly eller Supermann, ein slags kunstnarisk struts: kan verken det eine eller det andre, er frykteleg stygge og legg store egg. I motsetnad til strutsen går musikalane seint. Eg hatar dette: Midt i det som kunne ha blitt ei god handling, kjem det ein eller annan irriterande song, der ein dialog blir latterleggjort og det heile blir pinleg. Musikalar er latterlege, og dei som liker musikalar hatar musikk, eller er fundamentalt utan forståing for musikk og/eller tonedøve.
Ei forteljing om eit bankran der dei fire ranarane må danse til seg ransutbyttet i ein 4-stemt barbershop-låt er ikkje ei forteljing, det er eit produkt av folk som heller ønskte at dei studerte drama saman med 45 år gamle fråskilde koner på lærarhøgskulen. Gjer heller det. Bryt opp, skil deg frå den feite mannen din, studér på lærarhøgskulen, berre fri meg frå musikalane.

Ad undas
Sunday 12 February 2006 Kategori: Permalink
Universalgeniet og vitskapsmannen James Lovelock er intervjua i
Morgenbladet, og spår med eit mildt smil om munnen
død og forderving over storebrorparten av
menneskeslekta, og fleire, faktisk dei fleste, av
dyra i Hakkebakkeskogen (og i
Hakkebakkesjøen). Lovelock utvikla Gaia-teorien medan han jobba for
NASA. Denne teorien handlar om å forstå jorda, og
alt som finst der (her), som ein heilskap, ulikt
ein meir (og vanlegare) reduksjonistisk måte å
studere einskildfaktorar på. Klimaet og atmosfæra
i denne heilskapen regulerer seg sjølv til det
beste for alle.
Lovelocks spådommar om framtida er meir radikale enn kva dei fleste klimaforskarane tør gå god for, sjølv om fleire etterkvart støttar opp om Lovelock. Dessverre. Koss ser framtida då ut, når sjølv optimistane byrjar å grine?
I levetida til dottera mi, som er 9, og i alle høve barnebarna mine, vil Mellom-Europa vere ubrukeleg til anna enn bilrally og cowboyfilmar. Her i Noreg vil kombinasjonen av smelta polar og ein daud golfstraum gjere klimaet leveleg, sjølv om vasstanden blir nokså høg. Omgrepet ad undas, som på latin tyder "til bølgjene," er med andre ord på sin plass her. Alle vil derfor bu her, og det kan bli nokså trangt. Striden kjem til å stå om heilt andre ting enn teikningar av Muhammed, tippar eg, og operaen i Bjørvika kan bli Noregs dyraste blåskjellfarm. Amazonas blir til ørken og livet i svære havområde vil døy ut. Innan utgangen av dette hundreåret, seier Lovelock, er folketalet på jorda redusert frå seks til éin milliard menneske. Logisk nok innanfor rammene til Gaia-teorien; det er trass alt vi som er problemet i organismen.
Lovelock er nokså deppa over at han ikkje greidde å overtyde klimaforskarar før no. På 70-talet var det enno (teoretisk) mogleg å gjere noe med utviklinga, men vi har for lengst nådd eit forureiningsnivå som gjer det umogleg å reversere utviklinga. Heller enn å satse på visjonære klimatiltak som fornybar energi og CO2-kvoter, bør vi byggje dike til vern for jordbruksområde, og flytte menneske vekk frå kysten. Dette bør gjerast no. Lovelock er sjølv tilhengar av atomkraft, av di det fungerer, er påliteleg og stabilt nok, og det kan gje dei som overlever elektrisitet.
Som han sjølv seier: Situasjonen er djupt tragisk, det finst ingen utveg, og lidingane i kjølvatnet av reduksjonen frå 6 til 1 milliard menneske på jorda vil vere kolossale.
Tenkte berre eg skulle muntre opp litt ein vinterdag.

Nye virustrendar
Dersom du er plaga med virus på maskina di, bidrar eg
med glede til meir angst. Ein artikkel i N24 peiker for det
første på at 2005 har vore eit rekordår for virus
"och andra elaka program." Ikkje overraskande.
Verre er det at trenden snur i retning av
utpressing og økonomisk svindel-- pengane styrer
utviklinga.
Før fekk vi gjerne virus via mail, og det handla om å beskytte seg mot synlege virus som gjorde tydeleg skade og vakte merksemd. No er trenden at virusa tener funksjonar som gjer det naudsynt å halde ein låg profil. Til dømes kan nokre av desse programma ta kontroll over maskiner for å sende spam, nytte harddisken din som lagringsmedium for barneporno eller bruke maskina i eit botnett. Eit slikt nett kan bestå av hundretusenvis av maskiner og nyttast til utpressing, til dømes ved å presse ein bestemt server i kne. Slike botnett kan dermed seljast til høgstbydande, og det ser også ut til at dette er ein forretningsidé som har tatt av i 2005.
Tenk på dét, neste gong du skal installere operativsystem på maskina di.

Opplysingar du får ved å google...
Her ser ein omtrent ikkje mosen for ugler: Eit søk på
"tiananmen" i Google China og Google USA.
(Via Gaute.)
(Via Gaute.)
Karikatur
Ei ny og ukjent verd
Tuesday 07 February 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Forskarar (så fint, dette, å kunne vise til "forskarar"
utan vidare når det gjeld rare oppdagingar og
påstandar) har funne det dei kallar ei ny og ukjend verd i ein skog i
Asia. Her har dei funne kjempeblomar, og
fredelege dyr som ikkje viser frykt for mennesker.
Eitt av dyra dei har funne kallar dei ein
"oransjehodet honningspiser," og i tillegg har dei
funne eit primitivt, eggleggjande pattedyr.
Til dette vil eg berre seie: Eg oppdagar annakvar helg nye og ukjende verder som pub-musikar. Eg treng ikkje reise lenger enn til Bryne før eg ser meir oppsiktsvekkjande døme på biologisk liv enn eggleggjande pattedyr. Like primitive er dei og, og ikkje berre manglar dei frykt for mennesker: Dei viser heller ikkje frykt for bratte trapper, bilar i stor fart, artsfeller som er 2 meter høgare og breiare enn dei, eller andre opplagt farlege ting. Eitt av dyra eg har oppdaga på Bryne vil eg kalle "kvinnelig bleket og oppklipt-hodet rusbrus-drikker," og dei er svært imøtekomande og venlege. Eg har ikkje tenkt å finne ut om dei legg egg eller ikkje, men etter lyden å døme er det heile tida rett før.
Så dette imponerer meg ikkje i det heile.

For å vere litt konspirasjonsteoretisk
Denne artikkelen (frå National
Review -- jada, konservativt, men fri og bevare
meg frå den einsidig unnfallande framstillinga frå
venstresida her til lands) peikar på at
karikaturane i Jyllandsposten vakte lite merksemd
ut over Danmark før Abu Laban, ein 60 år gamal
palestinsk imam busett i Danmark sidan 1993, tok
teikningane med på ein turné til Midtausten, saman
med ei rekkje karikaturar aldri publisert i danske
medium. Desse karikaturane var også langt verre,
til dømes viste dei Muhammed med grisetryne, eller
i seksuell handling med ein hund. Slik greidde Abu
Laban å hisse opp ei rekkje personar, altså dels
på heilt feil grunnlag. Medan han har uttrykt seg
nøgd med motstanden mot Danmark overfor arabiske
medium, som TV-kanalen al Jazeera, har han felt
tårer og fordømt boikotten mot danske varer i
danske medium.
Kva er dette for ein fyr? Dansk presse (nærare bestemt DR) har i ein dokumentar avslørt at han har nær kontakt med terror-organisjonar, mellom anna som dansk omsetjar av Al Murabitoun, den offisielle publikasjonen til Gamaa Islamiyah, ein militant terrororganisasjon med band til al-Qaeda. I rolege København har Gamaa-leiarar, som mellom andre bin Ladens høgre hand, Ayman Al Zawahiri, kunne sleppe unna den lange armen til egyptisk lovverkt og etterretning, og vår mann i Danmark har altså jobba i dette miljøet.
Kva viser dette? Mellom anna, igjen, at det er ytterleggåande krefter som jobbar på tvers av tiltak som søkjer forståing og dialog. I Noreg har vi våre svin, og dei gøymer seg ikkje ein gong i ein skog, men bak omgrepet "ytringsfridom" i eit tøysete magasin for blåkristne.
Ein annan artikkel av ein annan journalist, men i det same magasinet (altså National Review), peiker på at det ikkje nødvendigvis er så klokt å publisere slike teikningar, sjølv om det definitivt er innanfor grensene til ytringsfridomen. I Europa har det stort sett vore pressa til høgre for midten som har trykt teikningane (og i blogosfæren er det blå-bloggarane som har vore først ute med det same), medan pressa til venstre for midten har vegra seg, og tona det multikulturelle flagget. Sjølv veit eg enno ikkje heilt kva eg skal tru er rett her, og sanninga ligg vel, som vanleg, ein eller annan plass midt imellom dei enkle polane.
Men, til det konspirasjonsteoretiske. Artikkelen stiller vidare følgjande spørsmål (oppbacka av denne artikkelen): Er det tilfeldigheiter at denne striden rasar no, som FNs tryggleiksråd skal handsame atomprogram-spørsmålet i Iran, og Danmark har den fellesnordiske plassen i tryggleiksrådet i 2005-6, med ei prominent rolle ("chairmanship of Counsil") i denne saka?
Go figure. Det må vere lov å spørje.
(Takk til Paal for lenkjer til artiklane. Keep'em coming)

Magazinet og islam
Like så betimeleg som det er å reagere på trugsmål om
vald, er det betimeleg å stille spørsmål ved Magazinets motiv for å trykke
Jyllandsposten-karikaturane. Anført av galningar
som Ulf Ekman og Enevald Flåten bidrar Magazinet
til ei utidig og ureflektert polarisering i
religionsdebatten (eller kva det no er som blir
debattert) som går. Denne artikkelen (blant mange andre
Magazinet-artiklar) viser dette.
Det er vel berre historiske tilfeldigheiter som gjer at det ikkje er Ekman og Flåten som sprenger folk i fillebetar. Trist er det uansett at galningar i begge leirar får leggje lista for diskusjonen. Eg skjemst av at mediebildet frå norsk side er prega av det Nytt på nytt treffande omtala som ei kristen russeblekke.
Eg vurderte lenge å støtte VamPus' oppfordringar om å poste eit bilde av Muhammed, i solidaritet med alle som blir truga på livet. No har eg for så vidt gjort dette i ein tidlegare post, og eg synest ikkje Jyllandsposten har gjort noe gale. Men eg vil heller ikkje bli tatt til inntekt for norsk kristeleg ytre høgre, så eg står over.

Trugsmål
Magazinet-redaktøren Vebjørn Selbekk har no blitt truga
så mykje at han tydeleg i frykt angrar på å ha trykt
karikaturen av Muhammed frå Jyllandsposten, den norske
ambassaden i Syria står i fyr og flamme, og det er tale
om handelsboikott av mellom andre Noreg og Danmark. Og
i Danmark byrjar no høgre-ekstreme med 0,5 cm. mellom
augene å røre på seg.
Å beklage og uttrykke anger over å ha trykt Muhammed-kariktaturane er etter mitt skjønn heilt feil. Å trekkje grensene mellom politikk og religion kan vere svært vanskeleg når det gjeld Islam, og fleire av dei aktuelle Muhammed-karikaturane er politiske kommentarar, og (nokre vil hevde) gode sådanne. Mine verdiar er fullstendig på kollisjonskurs med ei verd som vil nekte kommentarar til og kritikk av eit styresett. Derfor må aldri trugsmål om vald for å teie kritikk og satire aksepterast. Tvert om burde fleire stille seg lojalt bak Jyllandsposten, og se på dette som ein kamp om ytringsfridom og demokrati.
Å lytte til (og forstå
at ei rekkje muslimar kjenner seg
tråkka på av slike teikningar er ein ting;
dialogar og fredelege protestar er heilt fint. Men
karikaturen av Muhammed med ein bombeforma turban
blir merkeleg aktuell i det reaksjonen på
karikaturen handlar om, nettopp, bomber i Allahs
namn. Det triste her er at diskusjonen (eller
kampen) blir overlatt til ekstemistar i båe
leirar, og det er sjølvsagt viktig å presisere at
den muslimske verda reiser seg og protesterer mot
det valdelege bildet desse ekstremistane gjev av
Islam. Likeeins kan det også stillast spørsmål ved
Magazinets motiv for å trykke karikaturane. Slike
diskusjonar druknar diverre i bråket, og hindrar
Selbekk i å få den peparen han sannsynlegvis
fortener. Likevel, pepar er noe anna enn
drapstrugsmål.
At NRK har bestemt seg for ikkje å vise karikaturane er eit sjukdomsteikn og ei uforståeleg avgjerd, og viser ytterleggåane muslimar at det nyttar med trugsmål om terror og vald for å kneble folk. Eg fryktar følgjene av dette, som i Danmark, der nokre meiner at integrasjonsprosessen til muslimane i Danmark er sett tilbake med fleire år.
Å beklage og uttrykke anger over å ha trykt Muhammed-kariktaturane er etter mitt skjønn heilt feil. Å trekkje grensene mellom politikk og religion kan vere svært vanskeleg når det gjeld Islam, og fleire av dei aktuelle Muhammed-karikaturane er politiske kommentarar, og (nokre vil hevde) gode sådanne. Mine verdiar er fullstendig på kollisjonskurs med ei verd som vil nekte kommentarar til og kritikk av eit styresett. Derfor må aldri trugsmål om vald for å teie kritikk og satire aksepterast. Tvert om burde fleire stille seg lojalt bak Jyllandsposten, og se på dette som ein kamp om ytringsfridom og demokrati.
Å lytte til (og forstå
At NRK har bestemt seg for ikkje å vise karikaturane er eit sjukdomsteikn og ei uforståeleg avgjerd, og viser ytterleggåane muslimar at det nyttar med trugsmål om terror og vald for å kneble folk. Eg fryktar følgjene av dette, som i Danmark, der nokre meiner at integrasjonsprosessen til muslimane i Danmark er sett tilbake med fleire år.
Eg har nådd heilt til Zabol, Iran
Kredibilitet og bilder
Bursdag
Thursday 02 February 2006 Kategori: Permalink
Dottera mi fylte 9 i dag, og vi har hatt 20 jenter på
besøk i 2 timar. For ettertida, i fall eg skulle bli
far til nok ei jente, vil eg dokumentere denne
bursdagen:
4,5 X 1,5 liter brus
2 kaker i blautkakestorleik, standard diameter (!)
1 langpanne-sjokoladekake
ca. 15 bollar
ca. 40 pølser i brød
ein snopepose til kvar, med om lag 8-10 ting oppi
flasketuten peikar på, der gåvene blir delt ut etter tur frå den som får tuten mot seg
danseleik, der du må fryse når musikken stoppar.
to hundar som støvsugar smulane
Slik. Ei vellukka oppskrift. Eller oppskrift på ein vellukka bursdag.

Bibelsk eid 2
Thursday 02 February 2006 Kategori: Permalink
Bibelsk eid
Wednesday 01 February 2006 Kategori: Permalink
Dersom du har behov for å setje noen på plass, kan
Biblical Curse Generator vere
tingen. Eg er ein sugar for generatorar av alle
slag på Internett. Dagens kraftuttrykk, med
tilgjorte bibelske fjører:
Behold, thou shalt be kicked by an incontinent camel, thou whose name is but dung!
Ta det til dykk, de som vil.

Karikatur av Muhammed
No står vi på dødslistene til ytterleggåande muslimar,
saman med Danmark, etter vi har trykt kariktaturen av
Muhammed som opprinneleg sto i Jyllandsposten.
Og ting tilspissar seg. Frå eit museum i Liverpool fann eg denne teikninga av Muhammed, der han likna på ein nærsynt kålåker-unge:
(Muhammed, ifølgje denne nettstaden)
No reknar eg med at både muséet og denne bloggen blir utsett for sjølvmordsbombarar.

Bestemora mi og Idol
Monday 30 January 2006 Kategori: Bestemora
miKategori: Permalink
Til glede for alle dei 3 lesarane mine introduserer eg
ein ny kategori: Bestemora mi. Bestemora
mi er ein kategori for alle dei temaa eg ikkje vil
(eller kan) skrive om, og som eg derfor sender til
bestemora mi. Eg har til dømes lova at eg ikkje skal
skrive noe som helst om Idol, og det skal eg halde.
Derfor låner eg heile Mac-en vekk til bestemora mi, og
her er hennar meining om Idol:
Alle har ei meining om Idol, og vi synest som oftast synd på stakkarane som drit seg ut og får pepar av dommarane. Eg meiner i mellomtida at behandlinga desse får ikkje det tristaste. Mykje tristare er den ufrivillige ironien ein av dommarane, Tor Milde, er offer for.
Det ironiske, og av TV2 sleipe, her er knytt til at ein person som Tor Milde er med av andre grunnar enn (eller i høgda i tillegg til) det han trur sjølv. Å be ein håpefull 16-åring om å skamme seg er god TV, på den måten at det drar sjåarar. Her ligg Mildes kompetanse. Dette har dei litt meir intelligente produsentane oppdaga, men diverre (eller heldigvis?) ikkje Milde sjølv. Milde som journalist med integritet og peil på musikk er daud, noe balansen mellom musikalske vurderingar og billege (og språkleg elendige) one-linarar så tydeleg viser (og som produsentane veit å utnytte). Milde er sannsynlegvis på ein eller annan måte lurt inn i denne rolla. Det genererer inntekter for TV2, men stiller Milde ut som ein omsynslaus sleivkjeft utan sans for nyansar. Rundt han finst ingen respekt, men masse frykt.
Dette er sjølvsagt trist for ein 50 år gamal mann som ein gong sannsynlegvis ønskte å oppnå anna i livet enn å bli manipulert av produsentjyplingar i eit medium han trur han jobbar i. Milde er ingen fagperson, men ein statisk funksjon, på linje med, og akkurat like forutsigbar som, programvignetten til Idol. Det er for så vidt greitt nok å utsetje ungdomane for knallharde vurderingar, og ha det litt morosamt på bekostning av sjølvhøgtidlege fjortisar. Men vurderinga må vere botna i eitt eller anna. Det er det ikkje her, og det er det som drar sjåarar: Frykta for dei tilfeldige sleivsparka til ein stakkars 50 år gamal mann som omsider får dei 15 minutta han har hungra etter heile livet, men som han ikkje greie å oppnå ved hjelp av hovudet sitt.
Skilnaden mellom Tor Milde og stakkars sjølvhøgtidelege, umusikalske og 16-år gamle Crystal-Jeanette, på kvar si side av dommarbordet, er derfor marginal. Ingen av dei heng eigentleg heilt med. Følgjene blir i mellomtida ulike: 16-åringen kjem seg opp igjen etter tre månader -- ho er trass alt i puberteten, og skal sannsynlegvis bli supermodell neste månad. Det vil i mellomtida ta lenger tid å kome seg etter mordforsøket på Mildes faglege integritet.
Dette meiner eg verkeleg: Det er noe svært trist over å se ein så vaksen mann framoverbøygd med buksene nede. I Brokeback Mountain var det greitt nok, for då handla det om kjærleik. I Idol, derimot, er det rein valdtekt, der ein stakkars, litt dum og aldrande mann blir utnytta.
Dagens konkurranse: Sjå dette biletet, og finn 1 feil.

Chicken Little
Lyden, stemmene, i ein animasjonsfilm (kva film som helst, for den saks skuld) er essensielt. Ikkje minst er dette tydeleg i genistreken Creature Comforts, nemnt tidlegare i denne bloggen, der nettopp stemmene forma figurane. I dag var eg saman med ungane og såg Chicken Little. Eg forstår ikkje dette heilt: I Ice Age hadde ein tydelegvis ein idé om kor dei ville med stemmene, og begrensa seg ikkje til Chat Noir-miljøet når dei fann folk. Stemmene i Chicken Little høyrest ut som ein kjedeleg og uengasjert Oslo-revy, om lag som ein episode av Mot i brøstet, med eit tillegg av ei og anna "fjollete" og "kreisi" mannleg falsettstemme.
Den middelmådige dans og drama-mafiaen i Oslo har no altså greidd å øydeleggje både Charlie og sjokoladefabrikken og Chicken Little. Og sikkert ein haug andre filmar som eg heldigivs har unngått i dubba versjon.
(For dei som skal se filmen, kan barneverset om Chicken Little (Høne Pøne) med fordel lesast, sidan det blir alludert, både i namn og hendingar, til denne (og til ei rekkje andre filmar, mind you: War of the Worlds, King Kong, etc.).)
Augerørsler
Eg var på eit seminar på UiS (Språkforum) i dag, der Kenneth
Holmquist frå Lunds Universitet gav eit riss av
studia deira av augerørsler under lesing. UiS har
kjøpt inn om lag den same augerørsle-labben som
dei har i Lund. Kort forklåra registrerer denne
labben rørslene til auga medan du les, både kor og
kor lenge lesaren fikserer blikket.
Ei rekkje interessante perspektiv melder seg i samband med slike verkty. Mellom anna har ein gjennom desse målingane funne ut at auget berre ser skarpt innanfor ein veldig avgrensa radius. Ein normallesar fikserer punkvis langs teksten, og greier (i ein tekst med ca. normal storleik) aldri å sjå meir enn eit par ord vidare i leseretninga per fiksering. Lenger ut enn 8-10 teikn greier ikkje auget å ta imot nok lys til å kunne lese bokstavane. (At vi trur vi ser bokstavar i eit større felt handlar om at hjernen jobbar for å gje oss dette inntrykket.) Dette tar effektivt livet av speed reading-myta (sjå til dømes her), som handlar om å lese fort med få fikseringspunkt langs setninga.
Eit lite døme på korleis progravaren registrerer fikseringspunkta:
(henta frå Holmquists PPT-presentasjon, som han var så grei å formidle til meg)
Diameteren på sirklane (fikseringspunkta) angir kor lenge lesaren fikserer.
Mellom fikseringspunkta, altså der auget stoppar (på eit ord) langs setninga, hoppar auget rykkvis. Desse hoppa mellom fikseringspunkta blir kalla ein sakkade (saccade), og i desse sakkadane (som utgjer ca. 10% av tida vår) er vi blinde. Vi tilbringer altså 10% av liva våre, kan hende så mykje som 8-9 år, utan å sjå.
Om lag i 11-års-alderen har vi nådd lesehastigheita vi har resten av livet, sånn om lag (sjølvsagt, reknar eg med, justert for tekstinnhald).
Eit interessant moment hadla om bokstav- versus notelesing. Ein vokalist som syng frå notar har mindre latency (forseinking) mellom fikseringa, altså den registrerte nota, og realiseringa, altså tonen som blir sunge. Lesing av tekst og lesing av notar handlar med andre ord om ulike kognitive prosessar.
Nok eit moment, sjølv om dette området er kraftig understudert, handla om koss auga rører seg medan vi ser filmar med undertekst. Desse studia viser at vi nyttar om lag 8% av tida på undertekstane dersom vi ikkje kjenner språket. Er språket kjent, nyttar vi om lag 4%. I tillegg viser det seg at vi ofte les undertekstar baklengs (20-35% av sakkadene går mot leseretninga)!
For min eigen del tenkjer eg at eit slikt verkty kan opne for ulike studium av digitale tekstar, der sjølve teksten kan oppføre seg på måtar andre tekstar ikkje kan. Slike studium kan verkeleg generere teoriar om korleis vi skal designe opplæringsprogram og tekstar på ein måte som kan brukast effektivt. Koss les vi ei webside som gjev mulegheiter for ulike vegar inn i og ut av tekstar av vidt ulikt slag?

Ishockey
Thursday 26 January 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
I dag har eg vore på min aller første ishockeykamp.
Oilers (frå Stavanger) og Storhamar (frå ein annan
plass) spelte mot kvarandre i kveld, og min spanske
kvartdel fekk nokre billettar av ei venninne som er
saman med ein av spelarane (Petteri Lotila).
Ein ishockeykamp får ein fotballkamp til å sjå ut som eit koseleg drag-show. Heile kampen var prega av eit hissig publikum, høg musikk og rakettar som fauk rett over hovudet ditt. Mitt. Problemet er ikkje at det ikkje er spennande, men at det er nesten umogleg å finne pucken. Ein ishockeykamp går over 3 omgangar, og eg brukte halvanna omgang på å finne pucken. Då eg fann han, omsider, blei det heile svært spennande.
Ein annan ting er at for kvar norske spelar er det 50 finske. Det er heilt greitt, eg har ingenting meir å utsetje på finnar enn på nordmenn, men eg har ei viss erfaring med desse finnane når dei drikk: Eitt av banda eg speler i har ukentlege jobbar på ein nattklubb der både Oilers og gjestande lag tar ut sigeren (eller tapet) etter endt kamp. Viss eg nokså uvitskapleg skal uttale meg om finnar og alkohol, og det skal eg, vil eg peike på følgjande: Dei finske fjernsynsteatra har i alle år gjeve utruleg presise skildringar av fulle finnar. Ein full finne vil ein av tre ting: a) gifte seg med deg; b) skjere deg opp med kniv, eller c) skjere seg sjølv opp med kniv. Ofte føreslår dei alt dette i løpet av ein kveld.
Etter ein av desse spelejobbane i haust hadde eg eit ublidt møte med Frisk Askers trenar, den lettare legendariske Esa Tikkanen. Som du ser av namnet er han også finsk, og, heilt rett: Han ville skjere meg opp med kniv. Hadde eg venta litt til hadde han nok fridd, men eg tok ikkje sjansen på det. Eg mumla noe om Freud og hoppa inn i ein taxi før han og hirden hans fekk klørne i meg. Eg trur ikkje dei veit kven Freud er.
Men dette er på sida av poenget her. Poenget er at ishockey er kjekt, og eg trur faktisk eg skal få med meg ein kamp og to til i vinter.

What Else Is There?
Ser videoen til Röyksopp, What Else Is There,
på NRK2.
Musikalsk høyrer eg heime i ein nokså analog tradisjon. Likevel synest eg mellom andre Röyksopp og ei rekkje andre band (? kva skal ein elles kalle desse to -- ein duo er liksom litt bryllaups-aktig) som har oppstått i kjølvannet av, eller som følgje av, digitale musikkinstrument peikar i ei veldig interessant retning. (Röyksopp er kan hende det minst opplagte dømet her, men pytt.) Det er veldig lite som bind What Else ... saman med mykje av det førre RS har gjort, og dette snur mykje av tenkjinga kring marknad og sjanger på hovudet: Röyksopp snakkar ikkje til dei same frå plate til plate; eg kan godt mislike det dei putla på med då dei debuterte og likevel høyre på What Else... Dei står fritt til å lage instrumental elektronika eller vokal pop, og til å bruke ulike vokalistar alt etter preg. I staden for at dei rettar seg etter ein forventa sjanger, rettar vi oss etter det dei lagar, altså nærast omvendt. Ideelt sett kan dei høyrest heilt ulike ut for kvar singel, og singlane/platene kan slå ulikt ned i ulike segment. No vil det nok ikkje vere heilt slik i røynda, men kan hende til ein viss grad.
Framleis følgjer Röyksopp, i alle høve i dei fleste av låtane deira, ei tradisjonell lineær oppbygging, slik vi høyrer det i all kommersiell pop. Slik sett skil dei seg frå dei litt meir romlege, ikkje-lineære, sjangrane (trance, jungle, osv). Likevel er dei uforskamma i å hente klangbilder frå ulike sjangrar, og alluderer til vidt ulike artistar, epoker og verdsdelar. Röyksopp er ein kombo av klang og songwriting. Og godaste Kate Havnevik (er det ikkje ho som syng på What Else...?) passar perfekt, akkurat no.
The Beatles laga i si tid ikkje berre gode pop-låtar, dei utfordra også innspelingsteknologien. Abbey Road-teknikarar som Geoff Emerick fann opp teknikkar som no blir tatt for gitt. Beatles var mellom dei første som bana veg for ei rekkje nye uttrykk, som til dømes å legge stille vokal over eit bråkete lydspor, som dei gjer på Strawberry Fields. Det kan vel knapt overvurderast kva dette fekk å seie for andre artistar, som til dømes Jimi Hendrix, eller ulike Motown-innspelingar. Elvis Costello har skrive ein god artikkel om dette i Rolling Stone, som eg i farta ikkje finn lenka til.
Fleire artistar i dag -- Röyksopp er berre eitt døme, og langt frå det beste -- nyttar teknologien på tilsvarande nye måtar, til å skape nye uttrykk og uttrykk på nye måtar. Dei av musikarane som ikkje grin over deling av musikk over digitale nettverk vil også finne nye måtar å distribuere musikk på, fjernt frå gamle kanalar og metodar.
Oppdatering: Eg antok at Karin Havnevik var vokalisten på What Else... Dette er feil; ho som syng på denne låta heiter Karin Dreijer, kjend frå The Knife.

Georg Johannesen
Saturday 21 January 2006 Kategori: Permalink
Georg Johannesen døydde i jula, og for dei som ikkje
heilt veit kven dette var (og også for dei som veit
det), kan eg tilrå denne artikkelen.
Skilt ved fødselen 3
Thursday 19 January 2006 Kategori: Permalink
Det er frå sine eigne ein skal ha det. I dette
tilfellet har ein av elevane mine gjort meg merksam på
ein viss likskap mellom Tim Robbins og meg, og har
sendt meg begge desse bilda:
No har det seg slik at dette ikkje er den verste personen å bli samanlikna med, så eg seier meg nøgd med det. Vi ser vel ikkje ut som fotomodellar noen av oss, men eg har høyrt verre ting frå elevar tidlegare.

Creature Comforts 2
Wednesday 18 January 2006 Kategori: Permalink
Eg snubla over ein DVD med Creature Comforts, og skal no bruke
resten av kvelden på å le av meg litt feitt. For å
blidgjere min spanske kvartdel (igjen: min betre
halvdel er halvt spansk, enkel matematikk) kjøpte
eg Lars Monsen går på hendene frå Sydpolen til
Dakar, eller kva det no er han gjer.
Kjøpte forresten også ny bil. Opel Zafira, 2005-modell. Så no er vi blakke.

Ikkje kødd med Satan
Wednesday 18 January 2006 Kategori: Permalink
Ein skal jo ikkje le av slike tragedier, men historia
om pilegrimane som blei trampa ihjel medan dei heldt på med å
steine djevelen, har unekteleg eit ironisk
skjær over seg. Dette er nok sikkert ein tradisjon
som har føregått ei stund, og logikken i dette for
personar som trur djevelen er ein person tør vere
klår: Før eller sidan blir fyren lei.
Blondinevits
Monday 16 January 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Normalt ler eg ikkje av blondinevitsar, men denne tar kaka (via Jørgen Arnors
blogg).
Creature Comforts
Sikkert gamalt nytt for mange. Eg oppdaga diverre ikkje
dette før nyleg, men dette utløyste eitt av dei største
latterkicka eg har fått på lenge. Konseptet er enkelt:
Ta opptak av mono- og dialogar av ulike menneske med
størst muleg breidde i alder og talemål, og gje desse
stemmene liv gjennom leire-animasjonar, i sprøe
settingar. Heilt fantastisk, og du kjenner igjen stilen
frå Aardman Animation (Wallace and Gromit tør
vere kjent). Dei kallar det sjølv "mockumentary."
Klikk her, og vidare på menyvalet "Preview and Clips," og vel blant klyppa for ein smakebete. Alle er gode, men "Clowns and the Circus" er favoritten min her -- intervju med ei rekkje vanlege folk, der dei snakkar om kva dei liker og ikkje liker ved sirkuset, og nokre fantastiske leirefigurar som fyller stemmene heilt perfekt.

Å ta ein spansk ein
Dette uttrykket rekna eg med stamma frå ei
kvardagsrasistisk haldning til spanjolar som eit
folkeferd som liker å ta snarvegar, å snike seg unna,
eller liknande. Men alltid frampå Sylfest Lomheim kan
fortelje meg at det ikkje er slik.
"Å ta ein spansk ein" er eit uttrykk som stammar frå kjønnslivet til sjømenn, på veg heim frå Sørishavet via Spania. For å sitere Lomheim: "'Å ta en spansk en' innebærer å oppnå orgasme ved å gni kjønnsorganet mellom brystene til den prostituerte, noe som var billigere enn vanlig samleie (...)." Prisen var altså avgjerande her, men også det at sjøfolka ikkje ville ta med seg smitte heim.
Og eg som er sambuar med ei som er halvt spansk.

Førestellinga om det miljøvenlege papiret
Sunday 15 January 2006 Kategori: Permalink
har fått seg eit skot framfor baugen, skal ein tru
nyare studium. Å framstelle papir er såpass mykje meir
energikrevjande enn å framstelle plast, at det ein vinn
ved enklare resirkulering går opp i spinninga. Å nytte
plast til innpakning og i bereposar er altså vegen å
gå, jamfør studiene referert her.
Kva har dette å seie for boka? Tja, det kan i alle høve by på problem å ville heve resten av verda opp på eit utdanningsnivå tilsvarande vårt, viss mediet for lagring og formidling av kunnskapar skal vere boka.

Sjølv Barbie har sine problem
Friday 13 January 2006 Kategori: Permalink
som til dømes Tourettes syndrom.
Valley Talk
Kven representerer dei desidert største kreftene i det
engelske språket i dag? Tenåringsjentene. Fenomenet
"Valley Girl-speak" breiar seg, og ikkje berre i
fødelandet USA, mellom tenåringsjentene der. Kva er
Valley Girl-speak"? Ei lita forklåring finn du her, men kort forklåra er det
uttrykk (slang) og endringar i tonefall og fraser
vanleg blant unge jenter (med utgangspunkt i
California, derav "Valley"). Du veit, alle "as if"
og "like" strødd rundt i språket, og det stigande
tonefallet mot slutten av setningar, og ei heil
rekkje (til dels nyskapande og kreative) ord og
fraser: Muffin Top (fettlaget som heng
over buksene, godt synleg når jenta brukar korte
toppar), Whale Tail (g-streng-truse som
er synleg over bukselinningen), Prostitot
(jente med utfordrande klesstil), med meir.
"Valley Girl-speak" spreier seg til resten av verda, der engelsk fungerer, både som førstespråk og som framandspråk. I Noreg får vi dette mellom anna via TV-seriar som Buffy the Vampire Slayer, i tillegg til ein haug fjortisfilmar (American Pie, til dømes).
Jentene er meir produktive og tilpasningsdyktige enn gutane, og språket deira har altså kryssa kontinent (og sikkert også kjønns- og aldersgrenser), og byrja å feste seg i ulike typar engelsk over heile verda.

Framtida
Thursday 12 January 2006 Kategori: Permalink
Eirik Newth bloggar dødslista til framtidsforskarane i
Dagsavisen, og peikar på eit par,
tja, opplagte spådommar. Men her er meir. Om
handlemønstra våre, kommunikasjon og billettar:
Tradisjonelle supermarkeder
Supermarkeder med både bredde og dybde i vareutvalget forsvinner. De blir i stedet gjort om til mindre nærbutikker med smalere vareutvalg. I den andre ytterkanten vil vi få gigantbutikker med både større bredde og dybde enn i dag.
Altså: Forsvinn supermarknadene eller ikkje?
Postbud
Mer e-post fører til færre papirbrev. Direktereklame får vi i større grad enn i dag over nettet.
Eg visste det: Data er verkeleg framtida! Internett er kome for å bli!
Billetter
Den tradisjonelle papirbilletten forsvinner til fordel for elektroniske løsninger. De er der allerede i dag for flyreiser.
Dette er opplysing om framtida for eskimoar. Viss ein då kan føresetje at eskimoar ikkje veit særs om livet utanfor igloen, noe som sikkert er fordomsfullt og feil.
Hjelpe og trøyste.

Dei vanskelege moralane
Thursday 12 January 2006 Kategori: Permalink
Dei fleste av oss har i alle høve eit par av dei --
moralane -- og nokre har fleire. Det er sjølvsagt slik
at vi balanserer kvar dag på moralske og etiske
kniveggar. SV's profilerte motstand mot Israel, og
deira handelsboikott av dette landet tener som eit godt
døme på dette (og hitt). For det første handlar ikkje
Israel berre om Jaffa-appelsinar og våpendelar. Hadde
det no vore så enkelt. Israel eksporterer farmasøytiske
varer, høgteknologi på hard- og mjukvaresida (eg bruker
sjølv ein israelsk tekstbehandlar) og
kinakål (!).
Appelsinene og våpenteknologien er berre ei side av eksporthistoria. Det rørande naive i boikottspørsmålet som har vore drøfta, er det enkle i å fokusere på dei enkle appelsinene og våpenindustrien. Sjølvsagt kan vi, utan problem, få appelsinene frå andre plassar. Verre er det med alt det andre, som utgjer ein større del av kvardagen vår: Soft- og mjukvare til mobiltelefonar, og brannmurteknologi og annan programvare.
Det er naivt (og smårasistisk) å gå til krig mot appelsinane og våpendelane. Som om Israel berre handlar om appelsiner og bomber. Det er også enkelt og greitt, sidan vi ikkje treng å endre ein ting i kvardagen vår. Verre er det viss vi må hive mobiltelefonane våre, sidan dei består av israelske delar.
Bibelen er vel strengt tatt israelsk, den og?
Joda, boikott Israel, det fortener dei. Men eg er redd det ikkje hjelper å returnere appelsinen. Og då blir det vel ingenting av.

Har det eit namn?
Thursday 12 January 2006 Kategori: Permalink
Bilkjøp
Thursday 12 January 2006 Kategori: Permalink
Vi skal kjøpe ny bil. Problemet her til lands er at ein
nesten er nøydd til å kjøpe bil med
offroad-eigenskapar, i alle høve viss ein har tenkt å
bevege seg litt rundt. Eg er frå Sogn, og skal eg frå
Stavanger (Sandnes) til Sogn for å vitje familien min,
og det er vinter, nyttar det lite med ein Polo 1.1. Eg kjem for det første
knapt opp på ein fjelltopp, og viss eg kjem opp,
og bilen ikkje har rista i betar, sklir eg av
vegen.
Jamvel på noe som blir kalla motorvegen ut frå Stavanger er hjulspora så djupe at ein penisforlengande bil av typen Alfa Romeo Spider (eitt av dei få namna eg kan på slike Freud-vehicles) tar nedi under.
Grensa går ved 200 000, og eg har verken peil eller interesse. Bilen må gå framover, bakover, tåle snø og humpete vegar, og ha lasteplass til 2 hundebur, ei 4X12 Marshall-kasse, nokre koffertar og ei hagle. I tillegg må det gå an å køyre forbi ein gamling med hatt på veg nordover, utan å trenge ei strekning på ei mil. Av dei 2 som les bloggen her: Kan eg venlegast få nokre forslag?

Hotel Caesar
I apatien etter fullført mastergrad (har gitt meg sjølv
eit par-tre late veker) har eg følgd med på prøvene til
nye skodespelarar i Hotel Caesar. Lat det vere sagt: Eg
har aldri sett ei heil episode rett igjennom, så eg
veit eigentleg ikkje om HC er dårleg eller bra. Eg er
berre ikkje interessert.
Men reality-konseptet rundt auditionen til nye skodespelarar fekk eg med meg, som sagt i ei post-MA-juletåke (stress haust og mykje feit julemat). Og dermed sat eg i fella før eg visste kva som hadde hendt: Eg blei lurt til å følgje med på HC for å sjå koss det no eigentleg gjekk med desse ungdommane.
Så her sit eg, og irriterer meg over Scott, som verkeleg byrjar å oppføre seg psykopatisk. Dumme, dumme Scott.
Må gjenoppta livet mitt, ser eg.

Wednesday 11 January 2006 Kategori: Fullstending
meiningslaustKategori: Permalink
Pass endeleg på å halde dere på matta. Eller tunga i
den rette munnen. Ein veit aldri kva dei galne jentene finn på.
Uansett: Her vil eg på vegner av alle gutar
utbringe eit klårt og tydeleg AU!
Skilt ved fødselen 2
Monday 09 January 2006 Kategori: Permalink
Skilt ved fødselen
Friday 06 January 2006 Kategori: Permalink
Det ligg ei løve på trammen til naboen
Thursday 05 January 2006 Kategori: Permalink
Eg har mine favorittnaboar. Dei er frå Kosovo, og har
ei frykteleg stygg steinløve liggjande på trappa,
utanfor inngangsdøra. Kvifor veit eg ikkje, men eg må
anta at det handlar om ei tru på at løva vernar huset
mot vonde ting, som til dømes steinløver kan skremme
vekk. Kva slike vonde ting kan vere veit eg ikkje.
Forbrytarar vil skjøne at det ikkje ligg løver utanfor
inngangspartia til norske hus, og ikkje late ei
steinløve stoppe seg.
Det kan vere at naboane synest at denne steinløva er fin, og at dei har ho liggjande der av estetiske årsaker, ikkje til vern mot vonde ting. Utanfor stortinget funkar dette. Men huset til naboen er eit husbankhus frå 1978, malt i ein utvaska blåfarge, og ei underdimensjonert løve som dei likevel må snike seg forbi på veg inn i det trange inngangspartiet, funkar ikkje på den same Sfinx-aktige måten.
Eg ser løva inn i det eine auget kvar gong eg et frukost eller middag, der ho skottar på meg mellom sprinklene i rekkverket. Eg vil ikkje seie ho irriterar meg, men ho inviterer til eitt eller anna. Eg har mellom anna lyst til å måle ho i ein litt meir løvete farge. Eg har også lyst å snu ho vekk, slik at ho ikkje ligg der og ser på meg når eg valsar naken rundt i huset. Særleg etter jul er det som om ho ligg der og glor om morgonen, og prøver å fortelje meg med forakt i blikket at eg har blitt feitare i jula. Det er som Hamsun skriv, at nokre har blitt galne av at ein hest har glodd dei rett i senk, og kva då med ei løve?

Det minst interessante TV-programmet
Thursday 05 January 2006 Kategori: Permalink
nokonsinne produsert, må vel vere NRKs "Herskapelig"
med Toppen Bech.
Noe så tvers igjennom uinteressant, poeng- og retningslaust skal ein vel leite ei stund etter, uansett kjønn, alder og legning. Tømme- og kjeldesorteringskalenderen for Sandnes kommune er ein fryd å lese i forhold. Og viss eg tar feil: Kva er dette, og for kven?

Til neste jul
Saturday 31 December 2005 Kategori: Permalink
Viss noen som kjem til å kjøpe julepresang til meg til
neste år les denne bloggen, prøver eg her å angje kva
type presang eg ønskjer meg. Eg har ingen konkrete
forslag, men prøver å liste opp eigenskapar eg set pris
på i julepresangar. Eg kan alternativt få noe slikt til
bursdagen min i august, sidan den er nærare i tid.
Drøymepresangen må ha følgjande eigenskapar:
- vere hard, sjølv om det kan førekome mjuke område
- koste meir enn 2000,-
- krevje litt tid for å setje saman...
- ... men vere brukbar i det daglege utan at eg må setje han saman kvar dag
- lage ein eller annan behageleg lyd (til dømes lyden av loket på ein mobiltelefon)
- vekke litt merksemd, men helst på ein slik måte at folk tenkjer noe positivt om meg, som til dømes: "Hmmm, sjå på den distingverte/intelligente/reflekterte fyren," eller betraktar meg med ærefrykt.
- ha eigenskapar som gjer han nyttig overalt...
- ... og følgjeleg vere berbar, slik at eg kan ta han med meg overalt
- helst vere svart eller grå av farge (eg er fargeblind og føler meg trua av fargerike ting)

Eg er eigentleg synsk
Thursday 29 December 2005 Kategori: Permalink
og vil her røpe noe av det som kjem til å skje i 2006,
lokalt, nasjonalt og internasjonalt:
• Bill Gates flyttar til Randaberg, og blir handballtrenar på damelaget. Som eit resultat av flyttinga, endrar Kværner Rosenberg på Hundvåg profil frå å vere byggjeplass for diverse båt- og offshore-dingsar til å produsere software. Windows Vista kjem i 2007, produsert og pakka av omskulerte platearbeidarar frå Kværner. Vista kjem i 25 språk, i tillegg til stavangerdialekt.
• Dagfinn Høybråten annonserer at han vil skifte kjønn, blir kasta ut av kona og kyrkja, mistar inntektene sine, legg seg til dårlege alkoholvaner, og ender opp som ein ulukkeleg transe i ein eittroms trygdekåk på austkanten i Oslo, sett ned på av alle. Slik viser verda seg som ein rettvis plass.
• Etter å ha sett Flåklypa Grand Prix på norsk TV i jula 2005, bestemmer George Lucas seg for å filmatisere Star Wars 19 (eller kor langt vi no er komne) med dukkene til Ivo Caprino. Kva filmen heiter er ikkje heilt klårt. Den 7. sith i huset?
• Bergen blir skilt ut som eigen stat, og Sissel Kyrkjebø blir konge.

Ei førebels oppsummering
Tuesday 27 December 2005 Kategori: Permalink
av jula så langt:
• Eg er den store taparen. Slik er det når det er ungar involvert. Ekle småkryp. Eg har gått i eit gigantisk underskot, og la ut 5 gonger så mykje som eg fekk igjen. Jula er oppskrytt.
• Eg fekk berre mjuke presangar, og det eg trudde var det harde innslaget, var berre alarmen som betjeninga i butikken hadde gløymt å fjerne frå buksa eg fekk.
• I tillegg til at eg fekk mjuke presangar, fekk eg ein klår bodskap. Bodskapen låg dårleg skjult i dei to presangane eg fekk av sambuaren min: treningsklede og ei fjellbukse. Eg er for feit.
• Så mykje pinnekjøt at dagens spaghetti-og-kjøttdeigmiddag med vatn til drikke kjentest som ein 8000-kroners 7 rettar på Jans Mat og Vinhus.